Blake Shelton
Blake Tollison Shelton (fødd 18. juni 1976)[1] er ein USA-amerikansk countrysongar og fjernsynskjendis. I 2001 debuterte han med singelen «Austin». Singelen, som kom frå det sjølvoppkalla debutalbumet hans, låg fem veker på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista. Albumet selde til platinastatus i USA.[1]
Blake Shelton | |
![]() Shelton i July 2017 | |
Fødd | 18. juni 1976 (46 år) |
---|---|
Fødestad | Ada i Oklahoma i USA |
Fødenamn | Blake Tollison Shelton |
Opphav | USA |
Aktiv | Sidan 2001 |
Sjanger | Country |
Instrument | gitar, vokal |
Plateselskap | |
Verka som |
|
Gift med | Miranda Lambert, Gwen Stefani |
Sambuar med | Gwen Stefani |
The Dreamer frå 2003 og Blake Shelton's Barn & Grill frå 2004 selde til høvesvis gull- og platinaplate.[1]
Fram til mai 2020 har Shelton hatt 40 singlar inne på Country-lista i USA, inkludert 27 på toppen av lista,[2] der 17 av dei var på rad. Den 11. førsteplassen hans («Doin' What She Likes») slo rekorden for talet på førsteplassar på rad på Country Airplay-lista.[3] Han har blitt nominert til Grammyprisen ni gonger.[4]
Shelton har òg vore dommar i songkonkurransen Nashville Star, Clash of the Choirs og mentor på NBC-serien The Voice.
DiskografiEndra
- Studioalbum
- Blake Shelton (2001)
- The Dreamer (2003)
- Blake Shelton's Barn & Grill (2004)
- Pure BS (2007)
- Startin' Fires (2008)
- Red River Blue (2011)
- Cheers, It's Christmas (2012)
- Based on a True Story... (2013)
- Bringing Back the Sunshine (2014)
- If I'm Honest (2016)
- Texoma Shore (2017)
- Singlar
(utval)
- «Boys 'Round Here», Pistol Annies gjesta (2013, førsteplass på Country Airplay-lista)
- «Sangria» (2015, førsteplass på Country Airplay)[5]
- «Minimum Wage» (2021)
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Blake Shelton» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Cohoon, Rick. «Blake Shelton biography». AllMusic. Henta 8. november 2020.
- ↑ «Now 'Hear' This: Blake Shelton Scores 24th Airplay No. 1». Henta 5. juli 2017.
- ↑ Mal:Cite periodical
- ↑ «Blake Shelton». Recording Academy. Henta 8. november 2020.
- ↑ «Blake Shelton Chart History (Country Airplay)». Billboard. Henta November 23, 2021.