Blaker skanse var ei festning i Blaker i Akershus. Festninga låg på sørsida av Glomma «med bratte bakkar ned mot elva. Skansen vart bygt for å tryggja ferjestaden Blakersund» [1] for norske hærstyrkar.

Frå Blaker skanse
Foto: Paal Sørensen 2009

Fyrste skansen vart bygt i 1665, ombygt i 1683. I perioden 1697-1712 låg skansen utan garnison. Under den såkalla ellevårskrigen (1709-20) kringsette ein svensk hærstyrke skansen, men drog seg tilbake utan å ha angripe. Blaker skanse var nedlagd i perioden 1764-89. Deretter var skansen i bruk til sommaren 1808, då ein svensk styrke tok kontroll over skansen i eit par dagar og øydela han. I 1811 vart skansen sett i stand, og festninga hadde i 1814 600 soldatar frå landevernet. Blaker skanse var lagt ned i 1820, og eigedomen seld i 1893.

Notar endre

  1. Norsk Allkunnebok. II. bandet:214

Kjelder endre

  • Norsk Allkunnebok. II. bandet. 1950

Bakgrunnsstoff endre

  • Blaker skanse i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  Commons har multimedium som gjeld: Blaker skanse