Blandaball, lokal uttale blainnabaill, er ein fiske- og potetrett frå Romsdalskysten og Ytre Nordmøre og Fosen. Blandaball er sfærisk av form og det er vanleg å plassere feite (bitar av feitt frå mageområdet på sau (eller evt. flesk av gris)) i sentrum av blannaballen, som er grå av let. På grunn av at ikkje alle likar feite i ballen er det vanleg at nokre ballar vert laga utan feite og for at det skal vera mogeleg å kjenne dei att har dei ei avlang form og vert difor kalla langball. Baill er spesielt populær mat i Kristiansund og skjemtegaukar kallar ofte byen for Baillsund.

Blandaball med klippfisk, bacon, gulrot, kålrot, blåskjel og potet servert i Kristiansund.
Foto: Arnstein Rønning

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre