Blandford Forum (gjerne kalla berre Blandford) er ein by i grevskapet Dorset i England. Han har kring 9000 innbyggjarar og ligg ved elva Stour. Han er administrasjonssenter for North Dorset. Rett utanfor byen kryssar A350 og A354 kvarandre. Begge går utanom sentrum.

Blandford Forum

Rådhuset, første halvdel av 1700-talet
Rådhuset, første halvdel av 1700-talet
Rådhuset, første halvdel av 1700-talet
Plassering
Blandford Forum is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Dorset
Distrikt North Dorset
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

8 760
Koordinatar 50°52′N 2°10′W / 50.867°N 2.167°W / 50.867; -2.167
Diverse annan informasjon
Postnummer DT11
Telefon-retningsnummer 0 1258
Commons har multimedium som gjeld: Blandford Forum

Staden har vore ein vadestad sidan angelsaksisk tid. Den eldste namneforma er Blaen-y-ford, «staden ved vadestaden», eit namn byen deler med landsbyen Blandford St. Mary like ved. Innan 1200-talet hadde han blitt ein viktig marknadsby, med ein kvegmarknad som forsynte dei mange mjølkebøndane i området med dyr. Byen var òg ein vanleg stoppestad under reisa mellom London og hamnebyen Weymouth. Det vert framleis halde marknad ein gong i veka.

I 1731 brann store delar av byen ned. John og William Bastard stod for gjenoppbygginga, som tok omkring 30 år. Soknekyrkja i byen, som er vigd til apostlane Peter og Paulus er ein bygning i klassisk stil, med kuppel. Ho vart reist i 1732. Sentrum er eit utmerka døme på georgiansk arkitektur .

Sør for byen kryssar ei steinbru med seks bogar Stour.

Eit av dei viktigaste føretaka i byen er Badger Brewery, som leverer øl til mange pubar i regionen.

Kjelder endre