Blankvers, frå engelsk blank, 'tomt', det vil seia urima, er eit femfota, jambisk versemål utan rim eller strofedeling. Det er særleg vanleg i verk frå den elisabethanske perioden med diktarar som William Shakespeare og Christopher Marlowe.

Blankvers blei kanskje introdusert av den italienske renessansedramatikaren Trissino, men har ein særeigen posisjon i engelsk poesi. Det kan koma av at den naturlege rytmen i det engelske språket ligg svært nær jambiske vers, og særleg på Shakespeare si stilling som poet og dramatikar. Faktisk blir assosiert blankvers så tett knytt med den elisabethanske perioden at ein seier at engelske skodespelarar kan «snakka elisabethansk».

Det fyrste kjente forsøket på blankvers på engelsk var ved Henry Howard, jarl av Surrey, i tolkinga hans av Æneiden av Vergil rundt år 1554. Han var kanskje inspirert av den latinske originalen sidan klassisk latinsk poesi, akkurat som gresk poesi, ikkje brukte rim, men kan òg ha vore inspirert av italienske versi sciolti som heller ikkje brukte rim.

Christopher Marlowe var den fyrste engelske forfattaren som til fulle utnytta potensialet til blankverset, og dessutan etablerte det som den dominerande forma i engelsk drama i perioden under Elisabeth I og Jakob I. Den viktigaste nyvinninga med engelske blankvers blei gjort av William Shakespeare, som skreiv dei fleste av skodespela sine i utrytmisk femfota jambe, og John Milton som skreiv verket sitt Det tapte paradis (1667) i blankvers.

Etter Milton (faktisk på slutten av livet hans) gjekk blankvers av moten, og i eitt og eit halvt hundreår var dei best likte versemåla til engelskmennene to rima verselinjer – kuplettar (engelsk couplets). Under romantikken revitaliserte engelske diktarar som William Wordsworth, Percy Bysshe Shelley, og John Keats blankvers som kunstart.

Kort tid etter blei Alfred, Lord Tennyson spesielt glad i blankvers og brukte forma i det lange narrative (forteljande) diktet sitt Prinsessen (1847) og i det kanskje mest berømte diktet sitt Ulysses (skrive i 1833, men først gjeve ut i 1842). Dei amerikanske diktarane Hart Crane og Wallace Stevens er kjende for å nytta blankvers i utvida komposisjonar i ei tid der mange andre poetar vende seg mot frie vers.

Døme på blankvers endre

Eit døme frå Hamlet (1603) av Shakespeare:

To be/ or not/ to be/ that is/ the quest/ion.

Det tidlegaste blankverset bestod av slutt-stopp og regulære linjer; Gorboduc (1561), den første kjente tragedien på blankvers, illustrerer kor monotone slike vers kan vera. Marlowe var den første til å utforska dei vidare ekspressive moglegheitene:

You stars that reign'd at my nativity,
Whose influence hath alloted death and hell,
Now draw up Faustus like a foggy mist
Into the entrails of yon labouring clouds,
That when they vomit forth into the air,
My limbs may issue from their smoky mouths,
So that my soul may but ascend to Heaven.
(Doctor Faustus)

Shakespeare utvikla eigenskapen til blankverset til også å innehalda brå, abrupt og irregulær tale, og eit av dei tidlegaste døma er

My lord?
A grave.
He shall not live.
Enough.
(The Life and Death of King John), 3.3

Kjelder endre