Det tapte paradis
Det tapte paradis (opphavleg tittel Paradise Lost) er eit episk dikt frå andre halvdel av 1600-talet av den engelske diktaren John Milton. Diktet skildrar Satan sitt opprør mot Gud, skapinga av jorda, syndefallet og utdrivinga av menneskja frå paradis. Det er skrive i blankvers, det vil seie jambisk pentameter utan rim.
Diktet viser til ei rekkje klassiske diktverk, som Homer og Vergil frå antikken og Edmund Spenser frå tidlegare engelsk litteratur. Den første utgåva av verket frå 1667 er organisert i 10 kapittel. Den reviderte utgåva frå 1674 har 12 kapittel (som Æneiden av Vergil). Diktet blei omsett til dansk ved I.H. Schønheyder så tidleg som i 1790 og til norsk av Arthur Olav Sandved i 1993 og 2005.
Kjelder
endre- Søk i bibsys.no[daud lenkje]
- Paradise Lost (27.02.2013) i Store norske leksikon.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Paradise Lost» frå Wikipedia på bokmål, den 9. juni 2013.
Bakgrunnsstoff
endre
Originaltekst av Det tapte paradis ved Wikisource. |
- Ressursar på nettet om Paradise Lost Arkivert 2011-02-06 ved Wayback Machine.
- Librivox-innspelingar av Paradise Lost (mp3/ogg)
- Utgåver på nettet
- Paradise Lost Arkivert 2010-04-07 ved Wayback Machine., versjon i formatet XHTML hos Dartmouths Miltons leserom
- Project Gutenberg tekstversjon 1
- Project Gutenberg tekstversjon 2
- Paradise Lost.org, omfattande ressursnettstad med fullstendig kommentert tekst.
- Litteratur
- Patrides, C. A. (1966): Milton and the Christian Tradition, Oxford, ISBN 0208018212
- Patrides, C. A. (1968): Approaches to Paradise Lost: The York Tercentenary Lectures, University of Toronto, ISBN 0802015778
- Patrides, C. A. (1971): Bright Essence: Studies in Milton's Theology, University of Utah, ISBN 0835743829
- Patrides, C. A. (1980): The Age of Milton: Backgrounds to Seventeenth-century Literature, Manchester University, ISBN 0719007704