Percy Bysshe Shelley

Percy Bysshe Shelley (4. august 17928. juli 1822) var ein av dei fremste engelske poetane i romantikken[1] og er rekna av litteraturforskarar som ein av dei finaste lyriske poetane på det engelske språket. Han var ein radikalar i diktinga si såvel som i det politiske og sosiale synet, og Shelley blei ikkje anerkjend i levetida si, men ryet til diktinga hans voks jamleg etter den tidlege døden hans. Shelley var eit hovudmedlem av ein tett sirkel av visjonære poetar og forfattarar som omfatta lord Byron; Leigh Hunt; Thomas Love Peacock; og hans eiga kone, Mary Shelley, forfattaren av den gotiske romanen Frankenstein.

Percy Bysshe Shelley
Percy Bysshe Shelley by Alfred Clint.jpg
Fødd 4. august 1792
Horsham
Død

8. juli 1822 (29 år)
La Spezia, Lerici, Viareggio

Yrke lingvist, lyrikar, omsetjar, skodespelforfattar, romanforfattar
Sjanger romantic poetry
Far Timothy Shelley
Mor Elizabeth Pilford
Ektefelle Mary Shelley, Harriet Westbrook
Born Ianthe Eliza Shelley, Charles Bysshe Shelley, William Shelley, Percy Florence Shelley, Clara Everina Shelley, Clara Shelley
Signatur Signatur
Percy Bysshe Shelley på Commons

Shelley er kanskje best kjend for klassiske dikt som «Ozymandias», «Ode to the West Wind», «To a Skylark», «Music», «When Soft Voices Die», «The Cloud» og «The Masque of Anarchy». Dei andre viktige verka hans omfattar lange, visjonære dikt som «Queen Mab» (seinare omarbeidd til «The Daemon of the World»), «Alastor», «The Revolt of Islam», «Adonaïs», det uferdige verket «The Triumph of Life» og dei visjonære versedramaa The Cenci (1819) og Prometheus Unbound (1820).

Han hadde ein tett sirkel av beundrarar som omfatta likevel fleire progressive tenkjarar i samtida, mellom dei den framtidige svigerfaren hans, filosofen William Godwin. Sjølv om Shelley sin produksjon av poesi og prosa var jamn gjennom heile livet hans, avslo dei fleste forleggjarar og tidsskrift å trykkja verka hans i frykt for å arresterast saman med forfattaren for blasfemi eller oppvigleri. Shelley kom ikkje til å leva lenge nok til oppleva suksess og innverknad, men oppnådde etter at han døydde å bli anerkjend både innan litteraturen og for sine sosiale og politiske tankar.

Shelley blei eit idol og eit forbilde for dei neste tre eller fire generasjonane av britiske diktarar, blant anna dei viktige viktorianske og prerafaelittiske diktarane som Robert Browning og Dante Gabriel Rossetti. Han var beundra av ulike skikkelsar som Oscar Wilde, Thomas Hardy, George Bernard Shaw, Bertrand Russell, W.B. Yeats, Karl Marx, Upton Sinclair og Isadora Duncan.[2] Henry David Thoreau sin sivile ulydnad var openbert påverka av Shelley sine ikkjevaldelege protestar og politiske handlingar.[3]

DødEndra

 
The Funeral of Shelley av Louis Édouard Fournier (1889). Frå venstre er Trelawny, Hunt og Byron avbilda. Hunt var i røynda ikkje til stades ved kremeringa, og Byron forlet henne tidleg. Mary Shelley, som er avbilda knelande til venstre, var ikkje til stades

Shelley døydde i ei drukningsulykke i La Spezia-bukta utanfor Liguria i Italia. 1. juli sigla Shelley og Edward Williams i den nye båten til Shelley, «Don Juan», til Livorno, der Shelley møtte Leigh Hunt og Byron for å leggja planar om eit nytt blad, The Liberal. Den 8. juli la Shelley, Whttps://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Percy_Bysshe_Shelley&action=historyilliams og ein hjelpegut ut på tilbakereisa frå Livorno mot Lerici. Nokre timar seinare kolsegla «Don Juan» i eit uvêr.[4] Mary Shelley skreiv seinare i «Note on Poems of 1822» (1839) at det var manglar ved utforminga av båten og at han aldri hadde vore skikkeleg seglbar. I røynda hadde «Don Juan» for tunge master, men gjekk ned grunna det dårlege vêret og det uerfarne mannskapet.[5]

Liket til Shelley blei vaska opp ved Viareggio ti dagar seinare, og blei identifisert av Trelawny ut frå kleda og ei utgåve av Keats sitt dikt Lamia i jakkelomma. 16. august blei det kremert på ein strand i nærleiken. Oska blei gravlagd på Cimitero acattolico di Roma.[6]

Shelley på norskEndra

Shelley har òg inspirert mange norske diktarar og gjendiktarar. Nordahl Grieg var ein stor beundrar, og skreiv ein minibiografi om han i essaysamlinga De unge døde (1929). Det er òg skrive eit skodespel om Shelley, Ariel (1981), av Geir Uthaug, men det er aldri blitt oppført.

Av dei store, korte dikta til Shelley har særleg «Ode til Vestenvinden» fått mange norske versjonar, både på bokmål og nynorsk. André Bjerke, Hartvig Kiran og Geir Uthaug har alle skrive versjonar av det kjende diktet. I 1927 gav Ferdinand Lynne ut eit av Shelley sine hovudverk, Den løste Prometevs, («Prometheus Unbound»), som var ei kampskrift i romantikken. Shelley finst elles spreitt i mange antologiar. Dei viktigaste er: Fyll mitt beger på ny (1990).[7] Her finst følgjande enkeltdikt eller utdrag av større verk: «Sørgesang» (A Dirge) gjendikta av Christen Collin, 1900. «Skyen» («The Cloud») gjendikta av Christen Collin. «Til Jane» og «Fra pinjeskogen» («The Pine Forest») gjendikta av Ferdinand Lynne, 1924, som òg har gjendikta utdrag frå «Kjærlighetens høysang» («Epipsychidion») og frå Den løste Prometevs.

Kortdikta «Kjærlighetens filosofi» («Love's Philosophy») og «Til dig» («To-») er henta frå Nordahl Griegs De unge døde. «Hymne til den åndelige skjønnhet» («Hymn to Intellectual Beauty») er gjendikta av André Bjerke, «Den varnærme vokstren» («The Sensitive Plant») er gjendikta av Hans Hylen og «Til lerken» («To a Skylark») er gjendikta av Geir Uthaug. «Ozymandias» er gjendikta av Knut Eivind Harris. Det finst to versjonar av «Ode to a West Wind», ein av Chr. Collin, 1903, og ein av Hartvig Kiran, 1968. Geir Uthaug har òg gjort ein fri versjon, ikkje bunde til metrum.

I Engelsk romantikk (2003) er det fleire dikt av Shelley: «Hymne til den åndelige skjønnhet» («Hymn to Intellectual Beauty») gjendikta av André Bjerke,[8] «Kjærlighetens filosofi» («Love's Philosophy») gjendikta av Nordahl Grieg. «Ozymadias» gjendikta av K.E. Harris, «Himmellerken» («To a Skylark»), ein ny gjendikta versjon av Geir Uthaug, som òg har ein ny versjon av «Ode til Vestenvinden», bygd på eit strengt metrum. Uthaug har òg store utdrag av det politiske diktet «Anarkiets maske» («The Mask of Anarchy») og utdrag av «Strofer skrevet ved Euganeene» («Lines written among the Euganean Hills»).

KjelderEndra

  1. Ferber, Michael (2012). The Cambridge Introduction to British Romantic Poetry. New York: Cambridge University Press. s. 6–8. ISBN 978-0-521-76906-8. 
  2. Duncan, Isadora (1996): My Life, W. W. Norton & Co., s. 15, 134.
  3. Weber, Thomas (2004): Gandhi as Disciple and Mentor, Cambridge University Press, s. 28–29.
  4. Bieri, James (2005) s. 319-27
  5. «The Sinking of the Don Juan» av Donald Prell, Keats–Shelley Journal, Vol. LVI, 2007, s. 136–54
  6. Bieri, James (2005) pp 331-36
  7. Fyll mitt beger på ny (1990), Bokklubben Lyrikkvenner red. Geir Uthaug. ISBN 82-525-0787-5
  8. Engelsk romantikk (2003), Lyrikkbokklubben, ISBN 82-525-4431-2

LitteraturEndra

  • Blunden, Edmund (1947): Shelley: A Life Story, Viking Press.
  • Bieri, James (2008): Percy Bysshe Shelley: A Biography, Johns Hopkins University Press, ISBN 0-8018-8861-1.
  • Altick, Richard D., 1998): The English Common Reader. Ohio: Ohio State University Press.
  • Cameron, Kenneth Neill (1962): The Young Shelley: Genesis of a Radical. First Collier Books red. New York: Collier Books.
  • Chaney, Edward (2006): «Egypt in England and America: The Cultural Memorials of Religion, Royalty and Religion» i: Sites of Exchange: European Crossroads and Faultlines, red. M. Ascari and A. Corrado. Amsterdam and New York: Rodopi, s. 39–69.
  • Grieg, Nordahl (1929): De unge døde, Digitalarkivet
  • Holmes, Richard (1975): Shelley: The Pursuit. New York: E. P. Dutton.
  • Meaker, M. J. (1964): «The Deserted Wife: Harriet Westbrook Shelley» i: Sudden Endings, 12 Profiles in Depth of Famous Suicides, Garden City, New York, Doubleday, s. 67–93.
  • Maurois, André (1923): Ariel ou la vie de Shelley, Paris, Bernard Grasset.
  • St Clair, William (1990): The Godwins and the Shelleys: A Biography of a Family. London: Faber and Faber.
  • St Clair, William (2005): The Reading Nation in the Romantic Period. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Brailsford, Henry Noel: Shelley, Godwin og kretsen rundt dem (Nisus Forlag, 2013)