Bletchley
Bletchley er ein by som ligg i Milton Keynes i England. Fram til 1995 var han ein del av Buckinghamshire, men det året vart Milton Keynes ei sameint styresmakt, og dermed vart Bletchley ein by innanfor ein større by. Han låg opphavleg sør for sjølve Milton Keynes, men dei to byane har no vakse saman.
Bletchley | ||
---|---|---|
Queensway, den største handlegata i Bletchley. | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Buckinghamshire | |
Distrikt | Milton Keynes | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
51 692 | |
Koordinatar | 52°0′N 0°44′W / 52.000°N 0.733°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | MK1-3 | |
Telefon-retningsnummer | 01908 | |
Namnet er av angelsaksisk opphav, og tyder «Blæccas skog». Den eldste kjende notering om byen er frå 1100-talet, då det vart skrive Blechelai.
Bletchley ligg ved den romerske vegen Watling Street, som i dette området enno har det gamle namnet sitt. I viktoriansk tid var byen ein viktig endestasjon på jarnbana, noko som førte til stor vekst. Han er òg forbunde med Midlands gjennom Grand Union-kanalen.
Landsbyane Water Eaton og Fenny Stratford har vorte innlema i Bletchley.
Byen er mest kjend for Bletchley Park, staden der britiske kryoptoanalytikarar mellom anna knekte den tyske Enigma-koden under andre verdskrigen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bletchley (Milton Keynes)» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2011.