Sameint styresmakt

Ei sameint styresmakt (engelsk unitary authority) er eit omgrep som vert nytta om administrative område som har lokalt sjølvstyre på eitt nivå, der område elles har fleire nivå. Slike ordningar gjeld gjerne byar som er store nok til å kunne dekka regional eller fylkesadministrasjon i tillegg til byadministrasjon, men kan også visa til administrative område som av ulike grunnar ikkje har lågare administrasjonsnivå slik andre område i same landet har.

New Zealand endre

Ei sameint styresmakt i New Zealand er eit territorielt område som òg utøver funksjonane til eit regionalt råd. New Zealand har fire sameinte styresmakter: Gisborne District, Nelson City, Tasman District og Marlborough District.

Canada endre

Ei sameint styresmakt i Canada er ein kommune som fungerer som eitt nivå, i ein provins med lokalt sjølvstyre på to nivå. Dei fleste slike einskaplege kommunar er skildra som by, utan noko overliggjande styresmakt som grevskap eller fylke. Innimellom kan dei derimot vere grevskap eller «regionale byer» utan underliggande einingar. Dei fleste sameinte styresmaktene i Canada ligg i provinsen Ontario.

Storbritannia endre

Ei sameint styresmakt i Storbritannia er eit urbant område som har ein egen administrasjon i staden for å verte administrert som del av eit grevskap. Dei består normalt av ein by med omegn. Som administrative einingar er dei sjølvstendige, men dei inngår likevel i dei seremonielle grevskapa. Det er òg vanleg at dei har visse felles tenester med det administrative grevskapet dei høyrte til før dei fekk status som sjølvstyrte einingar, til dømes brannvesen og politi.

Konseptet oppstod på 1960-talet, men det vart ikkje innført då. Først på 1990-talet starta britiske styresmakter å opprette dei sameinte styresmaktene.

Dei enkelte bydelane i Stor-London er sameinte styresmakter; Stor-London er derfor ikkje klassifisert som administrativt grevskap, men som region og seremonielt grevskap.

Tilsvarande ordning i Noreg endre

Den næraste parallellen i Noreg er Oslo, som er omkransa av Akershus fylke og deler enkelte fylkeskommunale funksjoner med dette fylket, men som likevel er ei sjølvstendig eining.

Kjelder endre