Blindelag
var lokale frivillige lag i Noreg som arbeidde for blindesaka
Blindelag var lokale frivillige lag i Noreg som arbeidde for blindesaka. Mange av dei var skipa på 1950-talet. Aktiviteten i desse laga vart mindre og mindre utover 1970-talet og fram til tusenårsskiftet ettersom det var dårleg med nyrekruttering av medlemmer og dei som opphavleg skipa laget vart eldre og eldre og etterkvart døydde.
Aktiviten var ofte innsamling av pengar til blindesaka gjennom lotteri, sal av handlaga produkt. Møta var ofte organiserte ved at medlemma møttest hos kvarandre. Dette gjekk ofte på rundgang og kunne vere i for av syklubb eller syforeining.
Ein del arkivmateriale for somme lag er å finne i private og offentlege arkiv.
Lokale blindelag
endre- Alstahaug blindelag[1]
- Jakobsbakken blindelag / Bursi blindelag, Sulitjelma[2]
- Tasta Blindelag, Stavanger[3]
- Blindelaget Solstrålen, Måndalen i Romsdal
- Vardø blindelag
Referansar
endre- ↑ http://www.nb.no/utlevering/nb/112c0c087b3e116b2eb15226d6db16fe Nordlands avis 1958-09-26
- ↑ http://www.sulisavisa.no/historielag/arkiv/blindelag.htm Sulitjelma historielag
- ↑ http://www.stavanger.kommune.no/Tilbud-tjenester-og-skjema/Kultur-idrett-og-fritid/Byarkivet/Privatarkiv/Privatarkiv-etter-foreninger-og-lag/ Arkivert 2011-09-15 ved Wayback Machine. Byarkivet, Stavanger kommune