Sulitjelma
Sulitjelma (pitesamisk: Sulisjælbmá, Sulidælbmá; lulesamisk: Sulisjielmmá; svensk: Sulitelma, populært kalla «Sulis») er ein tettstad i Fauske kommune i Nordland. Sulitjelma har vegsamband til Fauske.
Sulitjelma | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Fauske | ||
Areal | 0,53 km² | ||
Folketal | 425 (2017) | ||
Folketettleik | 802 / km² | ||
Postnummer | 8230 SULITJELMA | ||
![]() Sulitjelma | |||
Wikimedia Commons: Sulitjelma | |||
Namnet Sulitjelma er av pitesamisk opphav, med uklar tyding. Ei mogleg tolking er «terskelen til øyane», ei anna er «Sola sitt auga».
Historie Endra
Arkeologiske funn syner at Sulitjelma i meir enn tusen år har vore eit samisk område. Sommarbeite for tamrein er dokumentert attende til slutten av 1500-talet.
Først i 1848 slo dei norske rydningsfamiliane seg ned i Sulitjelma.
I 1858 vart det funne kopar- og svovelkis i området og det vart sett i gang ei avgrensa prøvedrift. Først då den svenske industrimannen Nils Persson i 1887 sikra seg rettane til førekomsten, vart det sett i gang gruvedrift av større omfang. Då undersøkingsarbeidet slo fast at førekomsten var drivverdig, vart Sulitelma aktiebolag etablert i 1891. Etter dette opplevde bedrifta og staden ei nærast eksplosjonsarta utvikling. Allereie tidleg på 1900-talet var gruveselskapet det største bergverket, og den nest største industribedrifta i Noreg .
Gruveselskapet produserte både svovelkis og kopar. På det meste hadde selskapet 1750 tilsette, dette var i 1913.
I 1983 heimfall bergverkskonsesjonen til staten som med det overtok gruvedrifta. Den siste resten av bergverksdrift i Sulitjelma var lagt ned i 1991.