Blow-me-down Bluff
Blow-me-down Bluff er ein markant fjellskrent, 1820 moh, som ligg ved nordsida av Northeastbreen på vestsida av Graham Land. Han vart grovt kartlagt i 1936 av British Graham Land Expedition og av U.S. Antarctic Service i 1940. Han vart kartlagt på ny i 1946 og 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), som gav han dette namnet fordi skrenten ligg i den mest vindfulle delen av Northeastbreen og mange medlemmar frå FIDS har falle overende i området på grunn av den kraftige vinden.
Blow-me-down Bluff | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 68°3′S 66°40′W / 68.050°S 66.667°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Blow-me-down Bluff 68°03′00″S 66°40′00″W / 68.05°S 66.6667°W | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Blow-me-down Bluff» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Blow-me-down Bluff» (innhald frå Geographic Names Information System).