Northeastbreen
Northeastbreen er ein bratt isbre med mange bresprekkar, som er 21 km lang og 8 km brei ved munningen. Han flyt frå McLeod Hill og vestover og så sørvestover og ut i Marguerite Bay mellom Debenham Islands og Roman Four Promontory, på vestkysten av Graham Land. Northeastbreen vart først kartlagt i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under John Riddoch Rymill. Northeastbreen vart kartlagt på ny i 1940 av medlemmar av U.S. Antarctic Service (USAS), som nytta breen som slederute, og han fekk dette namnet av dei fordi han ligg på nordaustsida av basen deira på Stonington Island.
Northeastbreen | |||
isbre | |||
Northeastbreen sett frå San Martín-basen
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 68°09′S 66°58′W / 68.150°S 66.967°W | ||
Lengd | 21 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Northeastbreen 68°09′00″S 66°58′00″W / 68.15°S 66.9667°W | |||
Wikimedia Commons: Northeast Glacier |
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Northeastbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).