Blues in the Night
«Blues in the Night» er ein populær blues song som har blitt ein popstandard og som vert rekna å høyre til Great American Songbook. Musikken vart komponert av Harold Arlen og teksten skriven av Johnny Mercer for ein film frå 1951 som hadde arbeidstittelen Hot Nocturne, men som kom ut som Blues in the Night. Songen vert sungen i filmen av William Gillespie.[1]
«Blues in the Night» | |
Musikk av | Harold Arlen |
---|---|
Tekst av | Johnny Mercer |
Publisert | 1941 |
Språk | English |
Bakgrunn
endreArlen og Mercer skreiv all musikk for filmen Blues in the Night. Ein song dei vart beden om å skrive, var ein bluessong som skulle syngast frå ei fengselcelle.[2] Som vanleg med Mercer, skreiv komponisten musikken før, og så skreiv Mercer teksten etterpå. Arlen sa,
Heile saken kom berre rennande ut. Og eg kjende det i mangen, utan å tenke kva Johnny kom til å skrive av tekst, at dette var sterkt, sterkt, sterkt! Då Mercer skreiv «Blues in the Night», gjekk eg gjennom teksten hans og eg byrja å nynne songen over pulten hans. Det høyrdest fantastisk ut når eg kom til det andre verset, men at dei første tolv var svak te. På den tredje eller fjerde sida av kladdearka hans såg eg nokre linjer - ei av dei var «My momma done tol' me, when I was in knee pants.» Eg sa «Kvifor prøver du ikkje det?» Det var ein av særs få gonger eg foreslo noko slikt for John
Då dei var ferdig å skrive songen, ringde Mercer ein ven, songar Margaret Whiting, og spurte om dei kunne kome og spele songen for ho. Ho foreslo at dei kunne gjere det fordi ho hadde Mickey Rooney, Judy Garland, Mel Tormé og Martha Raye til middag. I staden kom Arlen og Mercer heim til ho same kvelden. Margaret Whiting sa:
Dei kom inn bakdøra, sette seg ved pianoet og byrja å spele «Blues in the Night». Eg vil alltid hugse reaksjonen. Mel reiste seg og sa «Eg kan ikkje tru det.» Martha klarte ikkje å sei eit ord. Mickey Rooney sa «Det er det beste eg nokon gong har høyrt.» Judy Garland sa «Spel han ein gong til.» Dei spelte songen sju gonger. Judy og eg sprang til pianoet for å sjå kven som klarte å lære songen først. Det var ein herleg kveld.[3]
I 1941 var «Blues in the Night» ein av ni songar som var nominert til Oscarprisen for beste song.[4]
Innspelingar
endreVersjonar på singellistene
endreVersjonar som har gått inn på singellistene i USA vart gjort av Woody Herman,[1][5] Dinah Shore,[1][2][5] Jimmie Lunceford,[1][5] Cab Calloway,[1] Artie Shaw og Rosemary Clooney. Versjonar som gjekk inn på singellista i Storbritannia vart sungen av Shirley Bassey og Helen Shapiro.
Woody Herman-innspelinga vart spelt inn av Decca Records med katalognummer 4030.[1][6] Denne gjekk inn på Billboard-lista den 2. januar 1942 og gjekk til toppen av lista.[5][7]
Dinah Shore-versjonen recording[2] gjekk inn på lista den 13. februar 1942 og låg inne i sju veker, med ein fjerdeplass som høgaste plassering.[5][7]
Jimmie Lunceford-versjonen vart gjeven ut på Decca Records og gjekk inn på Billboard-lista den 30. januar 1942, og låg der i fem veker, med ein fjerdeplass som høgaste plassering.[5][7]
Cab Calloway-versjonen vart gjeven ut på OKeh Records og gjekk inn på Billboard-lista den 6. mars 1942, og nådde åttandeplassen..[7]
Artie Shaw-versjonen kom ut på RCA Victor Records og gjekk inn på Billboard-lista den 21. november 1941 og nådde tiandeplassen..[7]
Rosemary Clooney kom ut på Columbia Records og gjekk inn på Billboard-lista den 26. september 1952 og nådde 29. plassen.[7]
Andre versjonar
endre- Jo Stafford i 1943, i 1959 og 1995.
- Chicago på albumet Night and Day i 1995.
- Frank Sinatra - Sinatra Sings For Only The Lonely (1958)
- Arlen sjølv spelte inn songen i 1966 på albumet Harold Sings Arlen.
- Larry Adler and the John Kirby Orchestra (20. januar 1944)[8])
- Luis Arcaraz[9])
- Louis Armstrong (1957)
- Charlie Barnet and his orchestra (5. oktober 1941)
- Shirley Bassey
- Tex Beneke (som «Blues in the Night March», på RCA Victor Records)
- Tony Bennett på The Beat of My Heart (1957)
- Sam Butera (1964)
- Cab Calloway and his orchestra (vokal: Calloway & The Palmer Brothers) (10. september 1941)
- Eva Cassidy
- Rosemary Clooney med Percy Faith's orchestra (April 1952)
- Bing Crosby og John Scott Trotter's Orchestra (27. januar 1942)
- Doris Day
- Jula de Palma på albumet Jula in jazz (1958)
- Ella Fitzgerald på Ella Swings Lightly (1958) og Ella Fitzgerald Sings the Harold Arlen Songbook (1961).
- Judy Garland and the David Rose Orchestra
- Benny Goodman and his Sextet (vokal: Peggy Lee & Lou McGarity) (24. desember 1941)
- Bob Grant (1. juli 1944)
- Woody Herman and his Orchestra (vokal: Woody Herman) (10. september 1941)
- Harry James and his orchestra (30. desember 1941)
- Quincy Jones - versjonen hans er nytta i filmen Ocean's Eleven (2001)
- Ledisi, We All Love Ella: Celebrating the First Lady of Song (2007, Verve)
- Little Milton, We're Gonna Make It (1965, Chess)
- Guy Lombardo's Royal Canadians (vokal: Kenny Gardner, 27. januar 1942)
- Julie London
- Clyde Lucas and his orchestra (vokal: Eadie Lang) (November 1941)
- Jimmie Lunceford and his Orchestra (vokal: Willie Smith; 22. desember 1941)
- Nellie Lutcher
- Katie Melua (Piece by Piece, 2005)
- Johnny Mercer
- Johnny Mercer, Jo Stafford og The Pied Pipers (1943)
- Van Morrison med Georgie Fame (1995) på How Long Has This Been Going On
- Art Pepper med strykarar i 1980 p åalbumet Winter Moon
- Betty Reilly
- Helen Shapiro
- Artie Shaw and his Orchestra (vocal «Hot Lips» Page) (2. september 1941)
- Dinah Shore (12. januar 1942)
- Kate Smith (12. februar 1942)
- Alec Templeton (pianoinstrumental, 21. februar 1942)
- Cal Tjader (arr. Clare Fischer) - Cal Tjader Plays Harold Arlen (juni 1960).
- Joe Turner med Freddie Slack Trio (28. januar 1942)
- Joe Turner med Howard Biggs' Orchestra (22. januar 1958)
- Fred Waring's Singers (23. juni 1942)
- Ann Hampton Callaway på albumet hennar med same namn Blues in the Night i 2006.
- Lynda Carter i 2009 på albumet At Last.
- Sylvia Brooks på albumet hennar Restless, 2012
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Blues in the Night» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Gardner, Edward Foote (2000). Popular Songs of the 20th Century: Chart Detail & Encyclopedia, 1900-1949. St. Paul, Minnesota: Paragon House. ISBN 1-55778-789-1.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Gilliland, John (1994). Pop Chronicles the 40s: The Lively Story of Pop Music in the 40s (audiobook). ISBN 978-1-55935-147-8. OCLC 31611854. Tape 2, side B.
- ↑ Lahr, John (19. september 2005). «Come Rain Or Come Shine: The Bittersweet Life of Harold Arlen», «The New Yorker". s. 92–93.
- ↑ «Awards for Blues in the Night (1941)». imdb. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Whitburn, Joel (1999). Joel Whitburn Presents a Century of Pop Music. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. ISBN 0-89820-135-7.
- ↑ Decca Records in the 4000 to 4461 series
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research.
- ↑ Decca Records in the 23500 to 23999 series
- ↑ RCA Victor Records in the 20-4000 to 20-4499 series