Joseph Vernon Turner Jr. eller Big Joe Turner (18. mai 191124. november 1985) var ein amerikansk bluesartist frå Kansas City i Missouri.

Big Joe Turner

Foto: Heinrich Klaffs
Fødd18. mai 1911
FødestadKansas City i Missouri
Død24. november 1985
DødsstadInglewood
FødenamnJoseph Vernon Turner Jr
AliasThe Boss of the Blues
OpphavKansas City, Missouri, USA
Aktiv1920-åra – 1980-åra
SjangerJump blues
Rock & roll
Swing-jazz
Instrumentvokal, bass
Tilknytte artistarPete Johnson
Count Basie Orchestra
PlateselskapAtlantic Records
National Records
Pablo Records
Forskjellige
Verka somlåtskrivar, jazzmusikar, blues shouter, plateartist
PrisarRock and Roll Hall of Fame, Kansas Music Hall of Fame

Han er mest kjend frå 1950-åra og pionerarbeidet han gjorde for rock and roll, særleg songen «Shake, Rattle and Roll», men hadde ei karriere som strekte seg frå 1920-åra og fram til han døydde. Han vart òg kalla «The Boss of the Blues»

Karriere endre

Turner starta å synge på gatehjørne for pengar og forlet skulen då han var 14 år gammal for å jobbe på nattklubbar i Kansas City, først som kokk og seinare som syngande bartender. Han vart etter kvart kjend som The Singing Barman, og arbeida på stader som The Kingfish Club og The Sunset, der han og pianisten hans Pete Johnson vart faste gjester. The Sunset vart styrt av Piney Brown og Turner skreiv «Piney Brown Blues» til ære for han og song han gjennom heile karrieren sin.

Samarbeidet med boogie-woogie-pianisten Pete Johnson vart fruktbart. I lag drog dei til New York i 1936, der dei spelte på same stader som Benny Goodman, men reiste etter ei stund tilbake til Kansas City. Etter kvart vart dei oppdaga av ein talentspeidar, John H. Hammond i 1938, som inviterte dei tilbake til New York for å spele på konsertserien hans, «From Spirituals to Swing» i Carnegie Hall, som var medverkande til å introdusere eit større amerikanske publikum til jazz og blues. I denne perioden fekk Turner og Johnson ein stor hitt med «Roll 'Em Pete». Denne innspelinga var ein av dei første med vekt på etterslag, og har av enkelte vorte sett på som ein kandidat til den første rock and roll-songen nokon gong.

I 1939 slo dei seg ned ved Café Society, ein klubb i New York City, der dei spelte med artistar som Billie Holiday og Frank Newton. I tillegg til «Roll 'Em, Pete» er Turner sine mest kjende songar frå denne perioden truleg «Cherry Red», «I Want A Little Girl» og «Wee Baby Blues».

I 1941 reiste han til Los Angeles der han spelte i revyen til Duke Ellington kalla Jump for Joy. Han heldt seg her ei stund og i 1944 arbeida han i filmmusikalar, men sjølv om han song på filmmusikken, var han ikkje med i sjølve filmane. I 1945 opna Turner og Pete Johnson sin eigen bar i Los Angeles, The Blue Moon Club.

Turner spelte inn mange plater, ikkje berre med Johnson, men òg pianistane Art Tatum og Sammy Price og med små jazzgrupper.[1] Han spelte òg i lag med Count Basie Orchestra.

I 1951 då han spelte med Count Basie Orchestra på Apollo Theater i Harlem vart han oppdaga av Ahmet og Nesuhi Ertegün, som signerte ein kontrakt med han for Atlantic Records. Turner spelte inn fleire hitsinglar for dei, inkludert bluesstandardar som «Chains of Love» og «Sweet Sixteen».

Det verkelege gjennombrotet til Turner kom i 1954 med «Shake, Rattle and Roll», som berre fremma karrieren hans, men som òg gjorde han til eit tenåringsidol. Songen er forholdsvis rå for denne tida og Turner syng mellom anna om kvinna si «to get outa that bed, wash yo' face an' hands» og kommenterer at «she is wearin' those dresses, the sun comes shinin' through!»

Sjølv om versjonen av songen til Bill Haley and His Comets, der teksten er fullstendig skrive om og «rein», var ein større hit, vendte mange lyttarar seg til Turner si utgåve og vart slik introdusert for rhythm and blues. Elvis Presley sin versjon av «Shake, Rattle and Roll» kombinerte Turner sin tekst med Haley sitt arrangement, men vart ikkje ein så populær singel.

Etter fleire hittar forlet Turner popkarrieren og gjekk tilbake til røtene sine som songar i små jazzband og spelte inn mange plater i den sjangeren i 1960- og 1970-åra.

I 1983, berre to år før han døydde, vart Turner innlemma i Blues Hall of Fame.[2]

Turner døydde i Inglewood, California i november 1985 av hjarteattak i ein alder av 74. Big Joe Turner vart innlemma posthumt i Rock and Roll Hall of Fame i 1987.[3]

Sitat endre

« Roll 'em boy,

Gonna jump for joy,
Yeah man, happy as a baby boy,
My baby just brought me a brand new choo-choo toy.

»
«Roll 'Em, Pete» -- av Joe Turner og Pete Johnson

Mest kjende innspelingar endre

Songane som er merkte med selde over ein million eksemplar.

Kjelder endre

  1. Tony Russell (1997). The Blues - From Robert Johnson to Robert Cray. Dubai: Carlton Books Limited. s. 178–79. ISBN 1-85868-255-X. 
  2. 1996 Blues Foundation Hall of Fame på Infoplease.com
  3. Blues.about.com website[daud lenkje]
  4. Amazon.com
  • Denne artikkelen bygger på «Big Joe Turner» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2008.
  • The Encyclopedia of Jazz and Blues - ISBN 1-86155-385-4
  • Jumpin' the Blues - Joe Turner with Pete Johnson's Orchestra - Arhoolie Records
  • Rocks in my Bed - Big Joe Turner - International Music Co.
  • The Chronological Joe Turner - 1949-1950 - Big Joe Turner - Classics Records
  • Rock and Roll - Big Joe Turner - Atlantic Records
  • Shout, Rattle and Roll - Big Joe Turner - Proper Records (Four CD - 2005)

Bakgrunnsstoff endre

attempted=yes }}