50°33′45″N 4°36′48″W / 50.5625°N 4.6132°W / 50.5625; -4.6132

Rough Tor

Bodmin Moor (kornisk Goen Bren[1]) er ei lynghei av granitt nordaust i Cornwall i England. Ho dekkjer eit område på 208 km² og oppstod i karbontida.

Bodmin Moor er ein av fem djupbergartar av granitt i Cornwall som utgjer ein del av kornubisk batolitt[2].

Namnet 'Bodmin Moor' er forholdsvis nytt, og vart namngjeven av Ordnance Survey i 1813. Tidlegare var område kjend som Fowey Moor etter River Fowey som spring ut her.[3]

Dramatiske granittklipepr stig opp frå det bølgjande lyngheilandskapet. Den mest kjend er Brown Willy, det høgaste punktet i Cornwall med ei høgd på 417 meter over havet.[4] og Rough Tor på 400 meter over havet. I søraust er Kilmar Tor og Caradon Hill dei mest prominente åsane. Store området av landskapet er dårleg drenert og består av myrer (som på varme somrar kan tørke inn). Resten av lyngheilandskapet er hovudsakleg grove enger som er overgrodd av røsslyng eller anna låg vegetasjon.

Kjelder endre

  1. http://homepage.univie.ac.at/albert.bock/files/placenamns.pdf[daud lenkje]
  2. [1] Charoy, B. (1986) Genesis of the Cornubian Batholith (South West England): the example of the Carnmenellis Pluton in: Journal of Petrology; 1986 Oxford: OUP
  3. Pounds, Norman John Greville (2000). A History of the English Parish: the culture of religion from Augustine to Victoria. Cambridge University Press. s. 593. ISBN 9780521633512. ; p. 72
  4. GENUKI: Cornwall

Bakgrunnsstoff endre