The Boeing Company (som regel forkorta til Boeing) er ein amerikansk fabrikant av fly og romfartsmateriale for sivile og militære føremål. Hovudkvarteret ligg i Chicago i Illinois, medan det største produksjonsanlegget ligg i Seattle i Washington.

Boeing International Headquarters i Near West Side i Chicago.

Hovuddivisjonane er Boeing Integrated Defense Systems, som er ansvarleg for forsvars- og romfartsprodukt, og Boeing Commercial Airplanes, som er ansvarleg for sivile luftfartøy.

Historie endre

1916 - 1923. Sjøfly, møblar og luftpost endre

 
Modell av sjøflyet Boeing B&W.

Selskapet vart starta i 1916 av William E. Boeing og George Conrad Westervelt. Namnet på føretaket var då Pacific Aero Products Co.. Det første sjøflyet deira vart gjeve namnet B&W som var initialane til dei to. Westervelt slutta før flyet vart ferdig, men William Boeing fullførte prosjektet åleine. Då sjøflyet skulle testast, var testpiloten som skulle fly flyet forsinka, og William Boeing sett seg sjølv bak spakane istaden. Då piloten endeleg nådde flyhangaren, hadde Boeing akkurat letta frå innsjøen.

I 1917 skifta Boeing namnet på føretaket. Det nye namnet vart “Boeing Airplane Company”. Boeing hadde no 28 tilsette, både snikkarar, båtbyggjarar og pilotar. Ettersom sjøflyet B&W ikkje selde, måtte Boeing ta i bruk eigne midlar for å dekkje lånet som skulle garantera dei tilsette løn, omkring 700$ i veka.

Den første produksjonsordra kom på sjøflyet Model C. Den amerikanske marinen bestilte 50 fly som skulle brukast til trening av pilotar, og hæren bestilte ytterlegare to. “Boeing Airplane Company” talde no 337 tilsette. Etter den første verdskrigen vart det overskot på fly og føretaket måtte ei stund produsere møblar for å overleve, samtidig som ein og konstruerte nye flytypar. Ingen av desse kom lenger enn til skrivebordet.

Sjølv om “Boeing Airplane Company” sleit økonomisk, skreiv føretaket historie. Med eit Boeing C-700 reiste William E. Boeing og piloten Eddie Hubbard frå Vancouver, Canada til Seattle med verdas første flypost. Hubbard brukte seinare ein B-1 til å fly same ruta.

1923 - 1934. Kontraktar, oppkjøp og oppsplitting endre

I 1923 tapte Boeing kampen om ein militærkontrakt om jagarfly. Curtiss Aeroplane and Motor Co. var først ute og vann kontrakten, Boeings prototype, Model-15 vart likevell tatt godt imot og Boeing vart etterkvart leiande på produksjon av jagarfly dei neste ti åra.

I 1927 vann Boeing ein kontrakt på flypost mellom byane San Francisco, California, og Chicago. Boeing stifta difor eit eige flyselskap, Boeing Air Transport. Etter berre eit år vart begge føretaka, samt Pacific Air Transport slått saman til “United Aircraft And Transport Corporation”. I åra som kom, fylgde dessutan ei rekkje oppkjøp av firma som Pratt & Whitney og Hamilton Standard Propeller Company, begge produsentar av flymotorar, samt enda eit transportfirma, National Air Transport.

I 1928 kom P-12, eit biplant jagarfly i to versjonar, eit for hæren og eit for marinen. Nær 600 flyet vart seld til det amerikanske forsvaret. 1931 var første flyturen til bombeflyet Boeing B-9, det første militære bombeflyet produsert berre av metall. I 1933 byrja produksjonen av Boeing P-26, det første jagarflyet til det amerikanske luftforsvaret som berre hadde eit enkelt sett med venger. Boeing P-26, med tilnamnet Peashooter, vart også seld til utlandet, noko som gav ekstra inntekter.

I 1934 kom ein lov som forbaud flyprodusentar i å også drive flytansport. Dermed måtte føretaket delast opp i tre mindre føretak: Boeing Airplane Company, United Airlines, og United Aircraft Corporation. Etter dette selde William Boeing alle aksjane sine og trekte seg ut av flyindustrien.

Utviklinga av militærfly fekk og konsekvensar for utviklinga av passasjerfly. Boeing 314 Clipper vart det første flyet til å fly transatlantiske ruter, og Boeing 307 Stratoliner, vart verdas første passasjerfly med trykk-kabin og kunne dermed nå ei høgde på 6 000 meter.

1939 - 1945, Verda i krig endre

 
Eit Boeing B-17 Flying Fortress på bombetokt under den andre verdskrigen.

den andre verdskrigen braut ut, vart det ei ein nedgang i behovet for sivile fly, samtidig som behovet for militære fly auka. For å kunne produsere bombe- og jagarfly raskt og effektivt, skulle tidlegare konkurrentar no samarbeide om produksjonen av kvarandres fly. Det Boeing utvikla bombeflyet B-17 vart til dømes også sett saman av Lockheed Aircraft Corp. og Douglas Aircraft Corp.. Totalt vart det produsert 12 731 B-17, av dei var "berre" 6981 fly produsert hjå Boeing. I 1944 vart Boeings BB-29 Superfortress sett inn i krigen, i hovudsak i Stillehavet. B-29 er mest kjend for Atombombene som fall over Hiroshima og Nagasaki, og som enda med at Japan kapitulerte. Krigen var slutt.

1945-1970, Etterkrigsår endre

 
Boeing 707

Då fredsåra kom, vart dei fleste ordrane på bombefly kansellerte og 70 000 personar mista jobbane sine hjå Boeing. Føretaket entra den kommersielle marknaden igjen med Boeing 377 Stratocruiser, eit fire motors luksuriøst passasjerfly. Stratocruiser selde likevell ikkje like mykje som Boeing hadde vona, men føretaket gjorde det betre med militære fly tilpassa troppetransport og lufttanking.

Teknologi som var utvikla i krigsåra gjorde innpass i sivil luftfartsindustri. i 1958 byrja Boeing å levere Boeing 707, eit passasjerfly med jetmotorar. 707 var eit tilsvar mot britiske de Havilland Comet, franske Sud Aviation Caravelle og Tupolev Tu-104 frå Sovjetunionen. Med 707 vart Boeing leiande innan sivil luftfartsindustri. Seinare kom 720 og etter det igjen kom 727.

I byrjinga av 1960 kjøpte Boeing opp føretaket Vertol Aircraft Corp. som skifta namn til Boeing Vertol. Året etter kom helikopteret CH-47 Chinook og CH-46 Sea Knight kom i 1967. Same året kom Boeing 737, det mest selde mellomdistanse passasjerfly i verda.

Bakgrunnsstoff endre