Romfart er reising i verdsrommet. Ein skil mellom bemanna og ubemanna romfart.

Ein Saturn V-rakett klar til oppskyting.
Ein Sojuz-kapsel returnerer med mannskap frå Den internasjonale romstasjonen 28. februar 2018

Bemanna romfart er romferder der menneska er mannskap om bord eit romfartøy. Slike mannskap kallar ein gjerne for romfararar. Den sovjetrussike kosmonauten Jurij Aleksejevitsj Gagarin vert rekna som det første mennesket i rommet.

Ubemanna romfart er romferder der ein sender opp romsondar eller andre kunstige satellittar utan behov for menneske om bord. I staden er det elektronikken om bord som styrer. Ved hjelp av radiosamband kan ein ta imot data frå romfarkosten samtidig som ein kan gje nye kommandoar til datamaskiner om bord.

For at ei ferd skal kunne kallast ei romferd, har FAI definert ei grense på 100 km over jorda si overflate. USA nyttar òg ei grense på 50 miles.

For å koma opp i rommet nyttar ein bererakettar. Døme på slike rakettar er den russiske Sojuz og den amerikanske Saturn V.

Former romfart endre

Ein kan skilje mellom ulike former romfart: