63°52′21.313″N 8°33′29.750″E / 63.87258694°N 8.55826389°E / 63.87258694; 8.55826389

Bogøy
øygruppe
Smaløy og Bogøy med hengebrua mellom dei.
Land  Noreg
Kart
Bogøy
63°52′21″N 8°33′30″E / 63.87258694°N 8.55826389°E / 63.87258694; 8.55826389

Bogøy eller Bogøyvær er ei øygruppe som ligg i Frøya kommune i Trøndelag. Bogøy består av dei to øyane Bogøy og Smaløy, som er knytte til kvarandre med hengebru. I dag er staden nesten fråflytta men vel 20 personar er framleis fastbuande.

Fiskeværet ligg nord for øya Frøya og har hatt ein jamn tilbakegang i folketalet etter den andre verdskrigen. Skulen vart lagt ned i 1992, noko som nesten aleine halverte folketalet. Staden kan likevel tilby både overnatting og gjestehamn, men er kanskje mest kjend for landhandelen på kaia som er sjølvbetjent når kjøpmannen Odd Skatvold sjølv ikkje er til stades.

Bogøy har hurtigbåtsamband til Sula, Mausund og vidare til Frøya. 3. mai 2006 vart det opna ferjesamband frå Dyrøya på fast-Frøya til Mausund og Sula. Dette sambandet trafikkerer òg Bogøy.

Kjelder endre