63°50′40″N 8°27′40″E / 63.84444°N 8.46111°E / 63.84444; 8.46111

Utsikt mot Sula, med Sula fyr på toppen i bakgrunnen.

Sula er eit øysamfunn i Frøya kommune i Trøndelag. Den største øya er Store Sula og øygruppa ligg vel 15 kilometer nordvest for øya Frøya. Sula har om lag 70 fastbuande (2007), men har stor folkevekst i sommarhalvåret. Namnet Sula kjem truleg av «stolpe», som noko som stig opp frå havet.

Sula var tidlegare eit viktig fiskevær, men har dei siste 30 åra opplevd sterk fråflytting. Sula fyr, som vart automatisert i 1974, vitnar om tydinga fiskeværet har hatt. Første fyrtårn er frå 1793, medan det noverande er frå 1909. Det vart bygd på det høgaste punktet på øya, Sulahaugen, 35 meter over havet.

Då skulen og sjukeheimen vart lagt ned tidleg på 1990-talet trudde mange at det var spikeren i kista for det vesle øysamfunnet, men dei siste åra har ein prøvd å få i gang ny tilflytting og ny verksemd. Foreløpig har fråflyttinga stoppa.

Sula har lenge vore kyrkjestad, mellom anna grunna dei mange innbyggjarane som fiska frå været i periodar på året. Første kyrkje var truleg frå 1400-talet. I 1755 vart kyrkjestaden flytta til Sletta på Frøya der det vart bygd ny kyrkje. Sula kapell vart sett opp i 1925 med 200 sitteplassar.

Sula har truleg hatt fast folkesetnad frå 1300-talet, men heilt sida vikingtida vart det drive sesongfiske frå staden. Sula er nemnd i historiske kjelder første gong i 1433, der det i erkebiskop Aslak Bolts jordebok står at han eig været. Den siste væreigaren på Sula var Rasmus Lien fra Bjugn, før Staten overtok i 1939. Staten var eigar av været fram til 1969, då det vart vedtatt at eigedommen skulle overførast til Frøya kommune. Av føresetnadane som låg til grunn for denne overdraginga var at kommunen skulle selje eller feste bort eigedommar til dei som budde der.

Medan mange kystbygder i Midt-Noreg vart hardt råka av Titran-ulykka i oktober 1899, klarte båtane frå Sula å kome seg tilbake før uvêret slo til. Dette var takka vere god lokalkunnskap om vêr og vind.

Sula opplevde særleg sterk vekst etter 1820. I 1960 budde det nesten 500 menneske på Sula.

I samband med arbeidet med å legge ei gassrøyrleidning frå Haltenbanken til Tjeldbergodden, påviste og filma Statoil det største kjende korallrevkomplekset på djupvatn i verda, kalla for Sularevet, utanfor Sula.

Sula har hurtigbåtsamband til Mausund, Froan og Halten, samt til Frøya og frå der vidare til Trondheim. 3. mai 2006 vart det opna ferjesamband frå Dyrøya på fast-Frøya til Mausund og Sula.

Bakgrunnsstoff endre