Boheman fuglereservat

Boheman fuglereservat er eit fuglereservat oppretta ved forskrift av 1. juni 1973 i medhald av Svalbardlova. Boheman fuglereservat omfattar småøyene sør for Boheman-flya søraust på Oscar II Land på Spitsbergen på Svalbard.

Førmålet med fredinga er å sikre eit viktig hekke- og opphaldsområde for fugl, særskild ærfugl og gjæser. I tida 15. mai - 15. august er all ferdsel, inkludert ferdsel på sjøen og landing med luftfartøy, forbode i fuglereservatet.

Lenkje til kart endre