Bohemian Club er ein USA-amerikansk herreklubb som held til to stader: Eit klubbhus i Nob Hill i San Francisco i California og Bohemian Grove nord for byen i Sonoma County.[1] Han blei grunnlagd i 1872 av ei gruppe journalistar, kunstnarar og musikarar som jamleg kom saman, og tok etterkvart også opp forretningsfolk som permanente medlem. Han gav også mellombels medlemskap til universitsleiarar (til dømes frå Berkeley og Stanford) og militærleiarar som gjorde teneste i San Francisco Bay Area. Kvinner kan ikkje bli medlem av klubben.[2]

Bohemian Club

Bohemian Club sitt City Clubhouse, sett frå hjørnet mellom Taylor Street og Post Street.
Skipa1873
HovudkontorSan Francisco
MottoWeaving spiders come not here
Nettstadhttps://www.bohemianclub.com/ Sjå dette på Wikidata

Klubbhus endre

 
Klubben sin uglemaskot avbilda ved hovudinngangen til 624 Taylor Street. Rundd ugla står bokstavan B og C og mottoet til klubben.

City Club held til i ein seksetasjes murbygning på hjørnet mellom Post Street og Taylor Street, to kvartal vest frå Union Square, og i same kvartal som Olympic Club og Marines Memorial Club. Klubbhuset har spiserom, møterom, ein bar, eit bibliotek, eit kunstgalleri, eit teater og gjesterom.

Bohemian Grove endre

 
Cremation of Care måla av Jules Tavernier i 1881.

Kvart år held klubben ein tre veker lang (tre helger) leir ved Bohemian Grove, som er kjend for framståande gjester og ein eklektisk seremoni kalla Cremation of Care der ein brenn ein figur som førestiller "Care"[3] (alle plagene ein måtte ha i livet) og har storslåtte kostyme og pyroteknikk. Dette skjer ved breidda av ein innsjø ved foten av ein 12 meter høg uglestatue.[4] Det blir også framført to utandørs spel, kalla Grove Play eller High Jinks og det meir komiske Low Jinks.[5]

Kjelder endre

  1. Kay, Jane (6. juli 2009). «No retreat from uproar over Bohemian Club woods». San Francisco Chronicle. Henta 14. juli 2009. 
  2. «Bohemian Grove - men only». 10. juli 2011. 
  3. «Bohemian Club». Atlas Obscura (på engelsk). Henta 21. august 2017. 
  4. «Bohemian Grove: Where the rich and powerful go to misbehave». Washington Post. Henta 21. august 2017. 
  5. Garnett, 1908.

Bibliografi endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bohemian Club