San Francisco Bay Area

San Francisco Bay Area eller The Bay Area er eit område som ligg rundt San Francisco-bukta i nordre California i USA. Området har over sju millionar innbyggar og består av storbyar, mindre byar, forstadsområde og nasjonalparkar utbreidd over ni distrikt (counties). Desse er forbunde av eit stort nettverk av vegar, motorvegar, jernbaner og pendlartog.

San Francisco Bay Area
region
Land  USA
Areal 26 390 km²
Folketal 7 765 640 (1. april 2020)
Kart
San Francisco Bay Area
37°49′N 122°22′W / 37.81°N 122.37°W / 37.81; -122.37
Wikimedia Commons: San Francisco Bay Area

Dei største byane i Bay Area er San Francisco, San José og Oakland. San Francisco er det tradisjonelle kulturelle og finansielle sentrumet i området, men er ikkje lengre like dominant (San José har større innbyggartal) og er ikkje heller geografisk sett eit klart urbant sentrum. Den økonomiske tyngda ligg snarare i Silicon Valley i sørdelen av området. To av dei fremste universiteta i USA, Stanford University og University of California i Berkeley, ligg òg i San Francisco Bay Area.

Bay Area er altså nokså ulike typiske storbyområde som har ein enkel bykjerne som er omgjeven av forstader. Befolkninga er i staden spreidd ut i fleire byar og forstader. På grunn av den spreidde karakteren blir området lokalt oftast berre kalla Bay Area (uten referanse til nokon spesiell by), og det fullstendige namnet blir hovudsakleg nytta i offisielle samanhengar.

Storbyområdet, som omfattar San Francisco, Oakland og San José, er det andre største i California (etter Greater Los Angeles) og det femte største i USA, etter New York-, Los Angeles-, Chicago- og Washington, D.C./Baltimore-områda.

Typisk natur i Bay Area. Skyline Boulevard nær Palo Alto.

Byar endre

Byar med over 500 000 innbyggjarar endre

Byar med 100 000 til 500 000 innbyggjarar endre

Kjelder endre