Opna hovudmenyen
Boknefisk på hjell i Noreg

Boknefisk, av verbet bokne, 'bli halvtørr'[1] er fisk som er halvtørka etter å ha vore hengt opp nokre døgn i friluft.[2]

Boknefisk vert framstilt på ulike måtar:

  • Usalta fisk kan bli hengt på hjell som tørrfisken, men bli tatt ned for konsum etter omtrent tre veker. Slik boknefisk er som oftast flekt slik at han heng saman i sporden før han blir hengt.
  • Boknefisk kan òg lagast av rund og sperra fisk, men blir då oftast kalla hjellosing.
  • Lettsalta fisk, anten tørr- eller våtsalta, fisk kan bli flekt og salta i to- tre dagar før han blir hengt på ein naustvegg el.likn. og tørka nokre dagar. Fordelen med slik lett salting, er at fisken då ikkje vert så utsett for flogemakk.

BakgrunnsstoffEndra

ReferansarEndra