Bokstavrekning
Bokstavrekning er rekning med bokstavar og er ein del av algebraen. I dei tidlegaste matematiske tekstane vart alle metodar framstilt gjennom numeriske døme. Dei stadig meir kompliserte problema og behovet for å formulere generelle reglar førte til at ein nytta bokstavar for kjende og ukjende storleikar. Denne utviklinga skjedde gradvis, men den franske matematikaren François Viète (1540–1603) var ein av dei førte som nytta bokstavrekning systematisk. René Descartes innførte det no vanlege prinsippet ved å føre opp dei ukjende storleikane med bokstavar får slutten av alfabtet, x, y, z, og dei kjende storleikane med dei første bokstavane, a, b, c.
Kjelder
endre- «bokstavregning». Store norske leksikon. 31. oktober 2011.