Aritmetikk

(Omdirigert frå Rekning)

Aritmetikk (frå gresk αριθμός = tal/siffer) eller rekning er den eldste og mest grunnleggande greina av matematikk, nytta av nesten alle menneske i alt frå daglegdags teljing til utrekningar i avansert vitskap og føretaksverksemd. Til vanleg vert uttrykket nytta om ei grein av (eller grunnleggaren til) matematikk som omhandlar grunnleggande operasjonartal. Matematikarar nyttar stundom uttrykket (høgare) aritmetikk[1] når dei omtalar talteori, men dette må ikkje forvekslast med elementær aritmetikk.

Aritmetikktabellar for born, Lausanne, 1835

Dei vanlege aritmetiske operasjonane er addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon. Desse fire vert kalla Dei fire spesies. Det finst òg meir avanserte operasjonar (som til dømes prosent, kvadratrot, potens og logaritme) òg nokre gonger vert definert som artimetikk. Aritmetikken til naturlege tal, heiltal, rasjonelle tal (i form av brøkar) og reelle tal vert vanlegvis studert av skuleborn, som lærer manuelle algoritmar for aritmetikk. I dei seinare åra har bruken av kalkulatorar tatt over mykje av denne funksjonen.

Fotnotar

endre
  1. Davenport, Harold (1999). The Higher Arithmetic: An Introduction to the Theory of Numbers (7th ed.). Cambridge, England: Cambridge University Press. ISBN 0-521-63446-6.