Runebokstaven uruz

Den hebraiske bokstaven gimel (til høgre i forenkla form).

Stor og liten Д (D) i det kyrilliske alfabetet.

Ein bokstav er eit element i eit alfabet. Ideelt sett er kvar bokstav teikn for ein språklyd. Bokstavane i alfabetet blir kategoriserte i konsonantar og vokalar.

Ideelt sett er kvar bokstav teikn for ein språklyd, men i praksis kan éin bokstav stå for fleire lydar, medan somme lydar kan uttrykkast med ei bokstavsamansetting. Svært få språk har meir enn ca. 40 språklydar, så i seg sjølv er det ikkje noko i vegen for å utvide det latinske alfabetet på 19 bokstavar til å bli stort nok til å innehalde ein bokstav for kvart fonem. Storleiken på den moderne versjonen av det latinske alfabetet varierer frå språk til språk, men ligg som regel på i underkant av 30 bokstavpar. Fonem som ikkje passar inn i dette systemet kan bli uttrykt med hjelp av bokstavkombinasjonar, som i ungarsk, der sz uttrykkjer lyden s. Lydar uttrykt med bokstavkombinasjonar kan også vere resultat av samanfall av to lydar til ein, der skriftspråket representerer eit tidlegare språksteg, som i austnorsk barn, som består av tre lydar, der den siste er skrive med to bokstavar. Mange språksamfunn er lite viljuge til å endre skriftspråka sine i takt med språkutviklinga, og resultatet blir då at samsvaret mellom skrift og tale blir mindre og mindre.

Døme

  • Stumme bokstavar i nokre ord og bøyingsformer (i mange målføre: gjera, huset, bokmål: hva)
  • Homofonar - ord som blir stava ulikt, men som blir uttala likt (Møre (landskap i Noreg), Möre (landskap i Sverige); bukke, booke)
  • Homografar - ord som blir stava likt, men som har ulik tyding og blir uttala ulikt. Her er det nødvendig å sjå i kva samanheng ordet inngår for å uttala ordet rett. Dette gjeld på norsk særleg plassering av trykk og tonelag — sjå ovanfor).

Enkelte skriftspråk nyttar skriftteikn som skil seg frå den vanlege oppfatninga vår av omgrepet bokstav. Eit eksempel på dette er arabisk, som er basert på konsonantteikn og der vokalane i beste fall er antyda. Andre alfabet har etter kvart fått teikn for vokalar, f.eks. det greske alfabetet. Det stammar opphavleg frå det fønikiske alfabetet, som berre hadde teikn for konsonantar.

Andre skriftspråk nyttar teikn for kvar staving (tamil) eller for kvart omgrep (kinesisk).

Markering av prosodiske trekk endre

Alfabet er segmentale, dvs. dei består av ein streng av bokstavar som skal tilsvare strengen av fonem. Mange språklege fenomen er uavhengig av fonemstrengen, såkalla suprasegmentale trekk. Døme på slike er trykk og tone. Dei kan bli uttrykt enten ved å modifisere bokstavane, eller ved å bruke hjelpebokstavar. I ungarsk blir lengd uttrykt ved akutt aksent over vokalen, og i spansk blir trykk som ikkje følgjer hovudregelen arkert ved akutt aksent. I norsk blir trykksterk staving markert med dobbelkonsonant. Suprasegmental trekk kan også markerast indirekte, som i norsk huset vs. huse der t er ein markør for tonelag 1. I andre tilfelle kjem det segmentale alfabetet til kort:

  • Trykket blir ofte ikkje markert i skrift på norsk (avisa (isa av), avisa (nyheitsbladet))
  • I fleirstavingsord blir ikkje tonelaget markert på norsk (rota (bunden form av «rot»), rota (fortid av «å rote»))

Majusklar og minusklar, store og små bokstavar endre

Mange, men ikkje alle alfabet, opererer med par av bokstavar, som skil seg frå kvarandre i storleik og ofte også i form. Dei store blir kalla majusklar, og dei små minusklar. Døme på par med ulik form er A, a; B, b, D, D, mens par med lik form er t.d. C, c; O, o; S, s. I moderne norsk brukar ein majusklar til å markere starten på ei ny setning, og eigennamn. Andre språk har andre reglar: I tysk (og i norsk til 1917 og dansk til 1949) blir alle substantiv skrivne med initiale majusklar. I barokken vart namnet på religiøse mytologiske vesen (GUd, JEsus) sett på som så spesielle at dei vart skrive med to initiale majusklar.

Dei latinske, greske, kyrillisk og armenske alfabeta skil mellom store og små bokstavar, mens dei georgiske og mongolske alfabeta ikkje gjer det. IPA skil ikkje mellom store og små bokstavar, og ein del eksperimentelle alfabet bygd på IPA gjorde heller ikkje det (t.d. nokre latinske alfabet for sovjetiske minoritetsspråk på 1930-talet).

Stavingsalfabet har ikkje eit skilje mellom majusklar og minusklar. Døme på slike er hiragana, katakana, cherokeealfabetet og fidel. Det same gjeld abugidaer (devanagari) og abjadar som arabisk og hebraisk.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre