Bolga er ei øy på kysten av Helgeland, ytst i Meløy kommune i Nordland fylke. Øya har eit areal på 2,4 km².

Bolga
Geografi
Stad Helgeland
Koordinatar 66°48′17″N 13°12′57″E / 66.80472°N 13.21583°E / 66.80472; 13.21583

Areal 2,4 km²

Høgaste punkt Bolgfjellet (339 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Det høgaste punktet på øya er det 339 meter høye Bolgfjellet, som strekkjer seg over øya frå nordaust til sørvest. Bolgfjellet si karakteristiske form har vore seglingsmerke for sjøfolk som har ferdast langs skipsleia til alle tider.

Bortsett fjellet er øya prega av ei større flate i søraust. Denne flata er dyrka mark, og det er òg her busetnaden på øya ligg. Bolga si nordside (Nordsia) består av ulendt og kupert terreng og er ikkje utbygd.

Bolga si form og geografiske plassering med nært tilgang til fiskefelt, har gjort at det har budd folk på Bolga i lange tider. Det har mellom anna vorte gjort funn frå vikinggraver på øya.

Bolga hadde 141 innbyggjarar 1. januar 2005. Bolgværingane livnærer seg først og fremst av havbruk. Dette vil sei sjarkfiske og lakseoppdrett. Øya har òg skule, butikk og post og mekanisk verkstad.

Bolga har daglege båtanløp med ferjesambandet Ørnes-Vassdalsvik-Meløysund-Bolga-Støtt og snøggbåtruta Nordlandsekspressen mellom Bodø og Sandnessjøen. Til kommunesenteret Ørnes går det også lokalhurtigbåt, driven av Rs Maritime.

Sør og nord for Bolga finn ein ein større skjergard som tidlegare var busett. Skjergarden er oppdelt og har ulike namn som Bolgværet, Snyen og Flatvær.

Postnummeret til Bolga er 8158 BOLGA.

Bakgrunnsstoff endre