Bolsjaja Koksjaga
Bolsjaja Koksjaga (russisk Большая Кокшага; marisk Кугу Какшан, Kugu Kakšan) er ei elv i Kirov oblast og Mari El i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 297 km lang og har eit nedslagsfelt på 6 330 km². Elva tilførsel av vatn frå snø og regn, og frå november til april er elva vanlegvis islagd.
Bolsjaja Koksjaga | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 6 330 km² | ||
Lengd | 297 km | ||
Middelvassføring | 95,7 m³/s | ||
Munning | Kujbysjevskoje-reservoaret i Volga | ||
Bolsjaja Koksjaga 56°08′35″N 47°47′29″E / 56.143055555556°N 47.791388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Bolshaya Kokshaga River |
Elva spring ut frå barskogane i Kirov oblast der området er tynt folkesett av russarar og marifolket. Dei største busetjingane ved Koksjaga er Kiknur og Santsjursk i Kirov oblast. I Mari El renn elva gjennom Marisenkinga, der ein finn blandingsskog og myrområde. Her finn ein òg Bolsjaja Koksjaga-reservatet. Bolsjaja Koksjaga renn òg gjennom Kujbysjev-reservoaret, og så ut i Volga nær Koksjaisk i Mari El.
Den største sideelva til Bolsjaja Koksjaga er Bolsjoj Kundysj.
Rafting
endreRafting er populært på Bolsjaja Koksjaga om våren frå april til mai. Om sommaren vert elva grunn og blokkert av tømmerstokkar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bolshaya Kokshaga River» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2008.