Bolsjevikøya
Bolsjevikøya (russisk остров Большевик) er den sørlegaste øya i Severnaja Zemlja i Russland. Med eit areal på 11 312 km² er ho den nest største øya i gruppa.
Bolsjevikøya | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Severnaja Semlja | ||
Areal | 11 206 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Bolsjevikøya 78°36′33″N 102°55′41″E / 78.609166666667°N 102.92805555556°E | |||
Wikimedia Commons: Bolshevik Island |
Øya er fjellkledd og har ei høgd på 935 meter over havet på det høgaste. Polarbasen Prima ligg på denne øya. Om lag 30 % av øya er dekt av isbrear, medan kystslettene har spreidd vegetasjon med mose og lav. På nordvestkysten er det nokre fjordar, mellom anna Telmanafjorden, Spartakfjorden og Partizanfjorden.
Bolsjevikøya har minst tre isbresystem kalla Leningrad, Semenov-Tian Sjanskij og den mindre Kropotkin.[1]
Ostrov Tasj er ei lita øy sør for Bolsjevikøya. Lavrovøya ligg nordaust for øya og Ostrov Lisjnij ligg nord for Bolsjevikøya.
Det har vore føreslått å endre namnet på øya til Svjataja Olga (St. Olga).[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bolshevik Island» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Severnaja Zemlja - oceandots.com
- ↑ Krasnojarsk kraj, arkivert frå originalen 25. juni 2021, henta 12. august 2008