Bolt
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bolt (fleirtyding).
Bolt er ein maskindel som tener til å forbinda to eller fleire delar. Ein bolt blir gjerne framstilt av rundt stål eller anna metall og er gjerne forsynt med eit hovud (rundt, firkanta eller sekskanta) i den eine enden og med hol for ein splint eller gjenger der ein kan skru på ein mutter i andre enden. I dette tilfellet blir han kalla skrue eller skruebolt.
Kjelder
endre- Bolt: teknikk (14. februar 2009). Store norske leksikon.