Mutter
- For andre tydingar, sjå mutter (fleirtyding)
Ein mutter er ein reiskap til å festa noko med. Ein mutter er laga av eit hardt materiale, oftast metall eller plast. Han har eit hòl med innvendige gjenge, som passar til gjenga på ein skrue. Den vanlegaste utforminga av mutrar er sekskanta, med eit gjennomgåande, gjenga hòl normalt på dei flate endane.