Bombeattentatet på Oslo S
Bombeattentatet på Oslo S fann stad 2. juli 1982 på Oslo Sentralstasjon i Oslo i Noreg då ei heimelaga bombe detonerte i ein oppbevaringsboks. 19 år gamle Elin Stoltenberg Dahl vart drepen og elleve andre vart skadd. Oppbevaringsboksane var plassert i Austbanehallen og glas og splinter hagla rundt dei reisande. Ei veke seinare fann politiet ei udetonert bombe i ein annan oppbevaringsboks på same plassen. På den udetonerte bomba fann teknikarar frå politiet eit fingeravtrykk. Ei månad seinare vart eit avisbod skoten med hagle i Oslo. To personar som køyrde frå staden, vart seinare funne på Hvaler. Mennene, som båe var 18 år gamle, vart arrestert. Då politiet fann ut at den eine av gutane hadde same fingeravtrykk som var på bomba. innrømde han at det var han som bomba Austbanehallen. Bombinga hadde ikkje politiske motiv, men mannen ynskte å presse pengar ut av Noregs statsbaner (NSB). Nokre dagar før bombinga i Austbanehallen hadde same mann òg prøvd å øydeleggje skjenegangen på Ekebergbanen med dynamitt. Mannen vart dømd til 11 år i fengsel for bombinga.
Bombeattentatet på Oslo S | |
Stad | Austbanehallen på Oslo Sentralstasjon i Oslo i Noreg |
Dato | 2. juli 1982 |
Angrepsmetode | Bombe |
Våpen | Sprengstoff |
Døde | 1 |
Skadde | 11 |
Gjerningsperson(ar) | Ein 18 år gamal mann |
Mistenkt | To 18 år gamle menn |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bombeattentatet på Oslo S» frå Wikipedia på bokmål, den 20. april 2013.
- «Oslos mørke historie» (på norsk). Norsk rikskringkasting. 9. januar 2013. Henta 20. april 2013.
- «Norges glemte bombeattentat» (på norsk). ABC Nyheter. 9. september 2007. Henta 20. april 2013.