Bombinga av King David Hotel

Bombinga av King David Hotel var eit terroriståtak utført av av den militante sionistiske gruppa Irgun den 22. juli 1946. Målet var hovudkvarteret til dei britiske okkupasjonsstyrkane i Palestina, som helt til i King David Hotel i Jerusalem. [treng kjelde].

Bombinga av King David Hotel

StadKing David Hotel
MålKing David Hotel
Dato22. juli 1946 (12:37)
Tal døde91
Tal skadde46
Gjerningsperson(ar)Irgun

Medlemmane av Irgun planta ei bombe i kjellaren på hotellet. Sentralbordet på hotellet mottok ei telefonåtvaring[treng kjelde], men hotellet vart ikkje evakuert. Eksplosjonen førte til at det sørvestlege hjørnet av sørfløya til hotellet rasa saman [treng kjelde]. 91 menneske vart drepne og 46 vart såra [treng kjelde].

Åtaket vart leia av Yisrael Levi.[1] Menachem Begin, som var statsminister i Israel frå 1977 til 1983 var leiar av Irgun då åtaket vart utført.[2]

Kjelder endre

  1. The attack on the King David Hotel, Besiege Yehuda Lapidot. (vitja 6/1-2009)
  2. Lapidot, Y., The Irgun chief commanders, The Irhun Site. (vitja 7/1-2009)
  Denne Historieartikkelen som har med Israel å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.