Bomere Pool er ein innsjø mellom landsbyane Bayston Hill og Condover i Shropshire i England, 7,5 km sør for byen Shrewsbury.

Bomere Pool
innsjø
Land  Storbritannia
Innsjøtype Oligotrofisk innsjø
Areal 0,103 km²
Største djupn 15,2 m
Koordinatar 52°40′N 2°44′W / 52.667°N 2.733°W / 52.667; -2.733
Kart
Bomere Pool
52°40′05″N 2°44′31″W / 52.668°N 2.742°W / 52.668; -2.742

Innsjøområdet var ein gong open for alle, men er no privateigd og senter for vassport året rundt.

Historie

endre

Geologi

endre

Det meste av Shropshire var dekt av is under den siste istida, om lag 18 000 år sidan. Då isen trekte seg attende la han att store isblokker, ofte omringa og dekte med morener, grus og leire. Då isen til slutt smelta, kollapsa sedimenta i hol eller senkingar kalla jettegryter. Desse hola hadde ikkje drenering og vart anten til innsjøar med bratte sider, vanlegvis kalla mere i Shropshire, eller fullstendig fylt med leire og torv og vart ei mosemyr. Bomere Pool er eit særleg godt døme på ein mere.[1]

Eldre historie

endre

Bomere Pool har vorte nytta av menneske i tusenvis av år. Det er gjort arkeologiske funn rundt innsjøen som tyder på at det var ein busetnad her i jernalderen. To tusen år seinare låg det ein stor romersk militærleir her og ein tilknytt sivil busetnad.[2]

Nyare historie

endre

I 1986 oppdaga ei kvinne på tur beina frå ein ullhåra mammut.[3]

Mellom 1960- og 1980-åra var innsjøen ein populær stad for dei lokale innbyggjarane, som drog hit på varme sommardagar for å bade og ete i dei mange små kaféane som låg her.

I dag

endre

I 1989 vart innsjøen, stranda og fasilitetane rundt lukka og kjøpt opp av private. Det vart ein del av Wakeboard & vasski Club som nyttar innsjøen til vassport.

Kjelder

endre
  1. Skat av isen, arkivert frå originalen 1. juli 2009, henta 28. mars 2010 
  2. Bomere Pool History
  3. The Bomere Mammoths, arkivert frå originalen 29. september 2011, henta 28. mars 2010 

Bakgrunnsstoff

endre