Bongna, også skrive Bogna,[1] er ei typisk smålakselv som ligg i Namsos kommune i Trøndelag fylke.

Bongna
elv
Land  Noreg
Kart
Bongna
64°18′57″N 11°36′16″E / 64.31581°N 11.60451°E / 64.31581; 11.60451

Bongna renn ut i havet ved Bangsund om lag 15 km sørvest for Namsos. Bongna er 45,5 km lang frå utløpet ved Bangsund opp til dammen ved Bangsjøen. Bangsjøen ligg 307 moh. og er 21 km² stor. Bongna er lakseførande til Langbakkfossen 18 km opp i elva.

Kjelder

endre
  1. «Bongna». Faktaark. Kartverket. Henta 5. november 2016. 
  Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.