Boniface Alexandre

haitisk politikar

Boniface Alexandre (31. juli 19364. august 2023) var fungerande president i Haiti frå 2004 til 2006.

Boniface Alexandre

Fødd31. juli 1936
Ganthier
Død4. august 2023 (87 år)
Statsborgar avHaiti
Partipartilaus
Yrkepolitikar, dommar
VervPresident i Haiti 2004-2006
FøregangarJean-Bertrand Aristide
EtterfylgjarRené Préval
Alle verv
  • Haitis president (2004–2006) Sjå dette på Wikidata

I 1990 vart han dommar ved høgsterett i Haiti (Cour suprême). I juni 2001 utnemnde president Jean-Bertrand Aristide han til president for Høgsterett. Som dette vann han seg eit ry som ein aktverdig dommar innanfor eit rettssystem som elles vart sett på som mykje plaga av korrupsjon. Han gjorde mykje i kampen mot korrupsjon og inkompetanse i rettssystemet. Ved sidan av verksemda si ved domstolen underviste han som professor i rettsvitskap ved Statsuniversitetet i Haiti i Port-au-Prince.

President Aristide mista makta ved et statskupp i 2004, og etter suksesjonsreglane vart Alexandre, i eigenskap av vervet som leiar for høgsterett, fungerande president. Presidentsperioden hans vart ikkje krona med den same suksessen og beundringa som dommargjerninga hans. Amnesty International hevda at landet under perioden hans var prega av politibrutalitet, ekstrajudisielle avrettingar og stadig meir rettslause tilstandar.

Alexandre fråtredde det mellombelse presidentvervet 14. mai 2006, då René Préval, som var vinnaren av presidentvala i februar 2006, vart teken i eid som president.

Kjelder endre