Boomer's Story
Studioalbum av Ry Cooder
Utgjeve November 1972
Innspelt Amigo Studios i Nord-Hollywood; Ardent Studios i Memphis; Muscle Shoals Sound Studios i Muscle Shoals; Quadrafonic Sound Studios i Nashville
Sjanger Rootsrock, blues, folk, americana
Lengd 39:07
Selskap Reprise
Produsent Jim Dickinson, Lenny Waronker
Ry Cooder-kronologi 
Into the Purple Valley
(1972)
Boomer's Story Paradise and Lunch
(1974)


Boomer's Story er det tredje studioalbumet til den amerikanske rootsrock-musikaren Ry Cooder, gjeve ut i 1972.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [1]
Christgau's Record GuideB[2]

Cooder held fram den arkeologiske utgravinga av musikk frå ei eldre tid. Som på dei førre innspelingane hans, ser han ikkje berre attende til dei gamle meistrane, som blueslegenda Sleepy John Estes, låtskrivaren Dan Penn og Skip James, men òg til gamle, ukjende amerikanske folkeviser og bluessongar.[1] Både tittelsporet og Lawrence Wilson sin «Crow Black Chicken», er datert attende til 1920-åra. Randy Newman spelar piano på den jingoistiske «Rally 'Round the Flag».

Allmusic skreiv om albumet: «Cooder er ofte kritisert for å ikkje akkurat ha ei dominerande røyst, og tar eit skritt bort frå mikrofonen på fire av ti spor på albumet - tre instrumentalar og ein med Sleepy John Estes på hans eigen 'President Kennedy'. Og sjølv om alle instrumentalane her er fine utgåver av flotte melodiar, er det 'Dark End of the Street' som verkeleg står fram. Her forstår Cooder at det einaste i arsenalet hans som kan yte den definitive versjonen til James Carr rettferd er hans eigen angerfulle slidegitar. Utan eit einaste ord klarar han å formilde den same skamma og djupe angeren som i teksten til Dan Penn/Chips Moman-klassikaren.»[1]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Boomer's Story»Carson Robison4:13
2.«Cherry Ball Blues» (instrumental))Skip James4:10
3.«Crow Black Chicken»Lawrence Wilson2:14
4.«Ax Sweet Mama»Sleepy John Estes4:23
5.«María Elena» (instrumental)Bob Russell, Lorenzo Barcelata4:30
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«The Dark End of the Street» (instrumental)Dan Penn, Chips Moman3:25
7.«Rally 'Round the Flag»George F. Root3:34
8.«Comin' in on a Wing and a Prayer»Jimmy McHugh, Harold Adamson3:00
9.«President Kennedy»Sleepy John Estes4:39
10.«Good Morning Mr. Railroad Man»Trad.4:30

Medverkande endre

Kjelde endre