Bordstabelbakkels
Bordstabelsbakkels eller bordstabel er ei norsk småkake med rektangelform som ein kan servera oppstabla.[1] Ho blir ofte baka til jul,[2] og kan reknast som eit av dei sju slaga.[3]
Deigen blir laga med egg, sukker, mjøl, smør og fløyte.[2][4] Etter at han er kjevla flat kan ein skjera ut kakene i rektangel, gjerne med ei bakkelsspore.[2] Kvar kake får eit fyll laga av eggekvite, sukker og mandlar som ein kan steika i lag med dei[5][2][3] eller ha på etter ei tid med steiking.[6] Når kakene er ferdige kan dei serverast i ein stabel.[6]
Kakene er også noko utbreidde blant norsk-amerikanarar.[7][8][9]
Kjelder
endre- ↑ «bordstabel - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 5. juni 2019
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 TINE, «Bordstabel (Bordstabelbakkels) - Oppskrift fra TINE Kjøkken», TINE (på norsk), henta 5. juni 2019
- ↑ 3,0 3,1 «Bordstabelbakkels», www.matprat.no (på norsk), henta 5. juni 2019
- ↑ «Bordstabelbakkels», Norsk tradisjonsmat (på norsk bokmål), 15. november 2017, henta 5. juni 2019
- ↑ Netgen, «Bordstabel», Melk (på norsk), henta 5. juni 2019
- ↑ 6,0 6,1 NRK (16. desember 2016), «Bordstabel», NRK, henta 5. juni 2019
- ↑ «Bordstabler Cookies-Norwegian Christmas Cookie-Winter», Cooking with Julie (på engelsk), 18. desember 2015, henta 5. juni 2019
- ↑ «Bordstabelbakkels: Norwegian Sugar Cookies with Almond Topping | Sweet Paul Magazine», Sweet Paul, arkivert frå originalen 5. juni 2019, henta 5. juni 2019
- ↑ Lodge Brooklyn 3-243 (januar 2019). «Newsletter» (PDF) (på engelsk).