Boreas (gresk Βορέας, Boréas) er det gamle greske namnet på nordavinden. Boreas var ein av dei fire vindgudane anemoi som stod for kvar sin vind frå dei fire himmelretningane. Han blir ofte framstilt med skjegg og tidvis strittande hår og vinger.

Boreas

Boreas røver Oreithyia. Gresk vase frå ca. 360 f.Kr.
Identifisert medAquilon
MorEos
FarAstraios
EktefelleOrithyia
SambuarChione, Aellopoda, Chloris
BarnKhione, Cleopatra, Calais, Zetes, Butes, Hyrpace, Aura, Boreads, Loxo, Haemus, Aurai, Hekaerge

I føglje Hesiod er Boreas son av Eos og Aiolos. Brørne hans, som også er vindar, er Zefyr, Notos og Euros. Gjennom å røva kongsdottera Oreithyia fekk Boreas sønene Zetes og Kalais. Både Boreas og sønene er knytt til stormande hestar.

For grekarane hadde Boreas særskild tyding ettersom han fekk æra for å ha øydelagd den persiske flåten i samband med slaget ved Artemisium i 480 f.Kr. Som takk bygde dei ein heilagdom for han ved Ilissos.

Annan bruk endre

Boreas har gjeve namn til:

Det latinske ordet borealis og den avleidde forma «boreal» tyder 'nord' eller 'nordleg'.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Boreas
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.