Borgmassivet er eit fjellmassiv som strekkjer seg over 50 km med toppar på over 2700 moh, langs nordvestsida av Pencksøkket i Dronning Maud Land, Aust-Antarktis.[2] Det høgaste fjellet er på 2717 moh og er Høgsætet. Dei parallelle, isfylte dalane Raudbergdalen og Frostlendet går nordaustover gjennom massivet og deler toppane i tre grupper:

  1. Nord i Borgmassivet ligg toppen av Borga, eit stort, isdekt fjell med flat topp og mange eksponerte klipper.
  2. Ut frå Borgmassivet ligg toppen av Ytstenuten.
  3. Sør i Borgmassivet ligg toppen av Høgfonna.
Borgmassivet
fjell
Land  Antarktis
Topp Dronning Maud Land
 •  høgd 2 717 moh. [1]
 - koordinatar 72°45′S 3°30′E / 72.750°S 3.500°E / -72.750; 3.500
Lengd 50 km
Lettast tilkomst snø/is-klatring
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Borgmassivet
72°45′S 3°30′E / 72.75°S 3.5°E / -72.75; 3.5
Borgmassivet is located in Antarktis
Borgmassivet (Antarktis)

Oppdaging og namngjeving

endre

Fjellet vart fotografert frå lufta av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–1939), leia av kaptein Alfred Ritscher, men vart ikkje vist på rett stad på karta til ekspedisjonen. Det vart kartlagt i detalj av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto av Maudheimekspedisjonen (1949–1952), leia av John Schjelderup Giæver. Det vart kartlagt på ny av flyfoto tekne av Den sjette norske antarktisekspedisjonen (1958–1959). Dei namngav det i samband med Borga, det høgaste fjellet i massivet.[2]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre