Borgny Dam-Nielsen
Borgny Dam-Nielsen (fødd 1944) er ein norsk forfattar, biblioteksjef, kulturarbeidar og bioingeniør. Ho er busett i Selje. Dam-Nielsen var biblioteksjef i Selje fram til 2003. Ho har også m.a. jobba med 1000 års-jubileet i Selje 1996-1997. Dam-Nielsen er utdanna bioingeniør og jobba i fleire år på laboratoriet ved Nordfjord sjukehus.
Borgny Dam-Nielsen | |
Fødd | 1944 (80 år) |
Yrke | skribent |
Borgny Dam-Nielsen hadde ei tid sitt eige forlag i Selje, Scriptoriet, som i 1997, i samarbeid med Pilegrimsforlaget, gav ut boka «Selja – Sunnivakulten og pilegrimsmålet» av Eivind Luthen, og forlaget hennar fekk dessutan gitt ut eit manus av Sigrid Undset: «Den hellige Sunniva» i 2000.
Bibliografi
endreBøker
endre- 1987 – Klosterøyas gåte (Oslo: Damm). ISBN 82-517-9814-0 I fulltekst ved nb.no
- 1988 – Den lange reisen (Oslo: Damm). ISBN 82-517-9887-6 I fulltekst ved nb.no
- 1989 – Det vanskelige valget (Oslo: Damm). ISBN 82-517-9915-5 I fulltekst ved nb.no
- 1999 – Den eventyrlige reisen : med postbilen Bertram gjennom historien (Oslo: Postmuseet). ISBN 8270791059 I fulltekst ved nb.no [Hovudforfattar: Knut Jordheim. Medforfattar: Borgny Dam-Nielsen.]