Boris Petrovitj Mikhajlov (fødd 6. oktober 1944) er ein russisk tidlegare ishockeyspelar frå Moskva. I tida 1969-79 vann han åtte VM-gull og to OL-gull med Sovjetunionen sitt landslag i ishockey.

Boris Mikhajlov


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 6. oktober 1944 (79 år)
Moskva
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980, Vinter-OL 1972

Utmerkingar

Leninordenen, Æresordenen, Ærestegnets orden, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Arbeidets røde fanes orden, «Arbeidets helt«-medaljen, Venskapsordenen, Fortjent trener i Russland, Idrettens mester i Sovjetunionen, Medalje ved Moskvas 850-årsjubileum, Medaljen for veteraner i Sovjetunionens væpnede styrker, Medal "For Impeccable Service", 3rd class, Medal "For Impeccable Service", 2nd class

Mikhajlov var høgevreveng i Sovjetunionen si berømte fyrsterekke saman med senterløpar Vladimir V. Petrov og Valerij Kharlamov på venstrevengen. Mikhajlov vart verdsmeister fyrste gongen i 1969 og siste gongen i 1979. I 1972 så vel som i 1976 vart han olympisk meister.

Mikhajlov spelte på Avangard Saratov frå 1962 til -65, deretter to sesongar i Lokomotiv Moskva. Frå 1967 til 1981 var han aktiv for det suverene topplaget i sovjetisk ishockey, CSKA Moskva, der han var med å vinne den sovjetiske meisterskapen heile elleve gongar.

Kjelder endre