Borzjaelva
Borzja (russisk Борзя) er ei elv i Zabajkalskij kraj i Russland og ei av sideelvane til Onon frå høgre i nedslagsfeltet til Amur. Elva er 304 km lang og har eit nedslagsfelt på 7 080 km². Elva har ei middelvassføring på 2,8 m³/s.
Borzja | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 7 080 km² | ||
Lengd | 304 km | ||
Middelvassføring | 2,8 m³/s | ||
Munning | Onon | ||
Borzjaelva 50°37′49″N 115°39′43″E / 50.63027778°N 115.66194444°E |
Elva spring ut frå Kukulbejfjellet. Elva frys til i november og vert isfri att i april. Stundom tørkar elva heilt ut.
Byen Borzja ligg ved elva.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Борзя (река)» frå Wikipedia på russisk, den 24. oktober 2008.