Bustrak

(Omdirigert frå Bostrak)

Bustrak (Bostrak) er ein samla busetnad i bygda Tørdal i Drangedal kommune i Vestfold og Telemark. Staden har namn etter hovudgarden der, og kan vera sett saman av «bost/bust» (myrbust) og «rák» (kveggang).

Bostrak, som ligg på vestsida av Bjorvatnet, har eigen barneskule, barnehage, idrettsforeining, i tillegg til ymse velforeiningar og lag. Staden er i dag kanskje mest kjend for musikaren og lastebilsjåføren Sputnik (Knut T. Storbukås), som har eige museum på staden.