Knut T. Storbukås

Knut T. Storbukås (fødd 23. april 1943 Bostrak i bygda Tørdal), kjend under artistnamnet Sputnik, er ein musikar og lastebileigar frå Drangedal kommune i Telemark. Dei mest kjende songane hans er «Skilles Johanne» og «Lukk opp din hjertedør».

Sputnik
Fødd23. april 1943 (80 år)
FødestadBustrak
FødenamnKnut T. Storbukås
AliasSputnik
OpphavNoreg
AktivSidan 1986
SjangerCountry
InstrumentVokal, gitar
Verka somLastebilsjåfør

Bakgrunn endre

Som ung var Knut Storbukås med i fleire musikkgrupper, mellom anna i ei som heitte «Sputniks».

Etter endt skulegang byrja han som skogsarbeidar. Frå han var atten køyrte han lastebil for faren. I 1968 kjøpte han sin eigen lastebil. Som sjåfør fekk han tilnamnet «Sputnik» for den raske køyrestilen sin.

Etter at han i 1985 var med på ein kassett med ei samling artistar frå Telemark, gav han ut den første kassetten sin, Sputnik I, i 1986. Kassetten blei kopiert i 3000 eksemplar. Så snart opplaget vart utseld, byrja folk å kjøpe den på svartebørs. Populariteten gjorde at han spelte inn fleire kassettar. Etter at han i 1990 var med i TV-program vart han endå meir populær. Han selde på få år meir enn 1 million kassettar. I alt har han gjeve ut 22 kassettar og CD-ar. Den siste, 50 år på veien, kom ut i 2009 då han feira 50 år som artist.

Han har opptrådt i Sverige, Danmark, USA, Svalbard, Zanzibar og Spania. Men framfor alt har han opptrådt for «grasrota» på hundrevis av store og små stadar rundt om i hele Noreg. Sputnik fekk i byrja hard medfart av kritikarane, men han var desto meir elska av folket. Han blei kåra til «Årets artist i Noreg» i 1990, og hausten 1993 kom han i Guinness rekordbok då han gjennomførte 36 opptredenar frå Mandal i sør til Tromsø i nord i løpet av 72 timar.

Under opninga av TV2 i Grieghallen hausten 1992, opprådde han i duett med Kjell Bækkelund.

Sputnik står for ein musikkstil som utan høgtravande ordbruk fortel om drøymar og lengslar folk flest ber i seg. Musikken hans har djupe røter i både bedehusmiljø og dansefestar, og han er påverka av svensktopp og country & western. Artisten sjølv har aldri tatt seg sjølv høgtideleg, og har aldri falle for freistinga å skulle leve av musikken.

Diskografi endre

  • 1986 Sputnik 1
  • 1986 Sputnik 2
  • 1987 Sputnik 3
  • 1988 Sputnik 4
  • 1989 Sputnik 5
  • 1989 Romjulsmusikken til Sputnik
  • 1990 Sputnik 6
  • 1991 Sputnik 7
  • 1991 Den store festkassetten
  • 1992 Sputnik 8
  • 1993 Bedehusmusikken til Sputnik
  • 1994 Sputnik 9
  • 1995 Sputnik 10
  • 1996 Gull og grønne skoger
  • 1997 Lykkelandet Zanzibar
  • 2000 Sputniks beste
  • 2001 Sputnik 11
  • 2001 Sputnik 12
  • 2003 Sputnik 13
  • 2006 Sputnik 20
  • 2007 Det er vanskelig å være beskjeden
  • 2009 50 år på veien

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre