Botanisk hage i Oslo

59°55′5.7684″N 10°46′16.604″E / 59.918269000°N 10.77127889°E / 59.918269000; 10.77127889

Oldemors hage i Botanisk hage. Bak Waldemar C. Brøgger sitt hus til høgre, Robert Collet sitt til venstre.
Foto: Helge Høifødt

Botanisk hage ligg på Tøyen i Oslo. Den har eit areal på 150 mål, med rundt 45 000 plantar, delt på 7 500 artar frå ulike delar av verda.[1] Da hagen vart skipa i 1814 hadde den 75 mål som låg rundt Tøyen hovudgard.

Botanisk hage er seinare dobla i storleik. Området er delt i tema som systematisk avdeling, nytteveksthage, fjellhage og arboret. Føremålet med hagen er å gje kunnskap om mangfaldet i planteriket og om korleis ein tek vare på dette mangfaldet. Plantar som er truga eller sårbare i norsk natur blir tatt vare på i Botanisk hage. Dei to utstillingsveksthusa Palmehuset og Victoriahuset er ein del av Botanisk hage.

Historikk endre

I 1811 blei det avgjort at Noreg - som da var i union med Danmark - skulle få sitt første universitet. Kong Fredrik VI kjøpte Tøyen hovudgard i 1812 som ei aktuell tomt for universitetet, men universitetet vart seinare bygd ved det som i dag er Karl Johans gate. I staden blei Botanisk hage lagt til Tøyen.[1]

Christen Smith blei utnemnd til professor i botanikk og økonomi i 1814 og fekk ansvar for å leie og byggja opp den botaniske hagen. Han døydde to år seinare. Sjølve verksemda med å byggja hagen blei gjort frå 1815 til 1818 av den tysk-danske gartnaren Johan Siebke. Siebke verka som gartnar i Botanisk hage fram til han døydde i 1857.[2]Hagen blei utforma etter inspirasjon frå engelsk landskapsstil.

Avdelingane i hagen endre

 
Palmehuset som inneheld plantar frå område med tropisk-subtropisk klima, middelhavsklima og ørkenklima. Sjølve huset er frå 1868.[3]
Foto: Daderot
  • Arboretet
  • Dufthagen
  • Fjellhagen
  • Oldemors hage
  • Osloryggen
  • Raud- og svartlistebedet
  • Systematisk hage
  • Urtehagen
  • Palmehuset
  • Victoriahuset

Musea endre

I 1863 blei Botanisk museum skipa og i 1913 flytta museet til bygninga på Tøyen. I 1975 blei Botanisk museum slått saman med Botanisk hage. Hagen og samlingene blei i 1999 ein del av Naturhistorisk museum, saman med Geologisk og Zoologisk museum. Naturhistorisk museum ligg under Universitetet i Oslo.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Om Botanisk hage». Naturhistorisk museum, UiO. Henta 5. mars 2015. 
  2. «Johan Siebke». Norsk biografisk leksikon. Henta 5. mars 2015. 
  3. «Palmehuset». Naturhistorisk museum, UiO. Henta 7. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff endre