Botnepollen er den inste delen av Frøysjøen i Bremanger kommune i Vestland. Fjorden strekkjer seg 3 km inn til garden Botnen og Botnedalen som held fram austover.

Fjorden har innløp mellom Mjånes på nordsida og Botneskora i sør. Sørsida av fjorden er høg og bratt og stig om lag 800 meter opp til Hesten og Breahornet.