61°29′56.807″N 4°47′43.915″E / 61.49911306°N 4.79553194°E / 61.49911306; 4.79553194

Kalvåg ved Frøysjøen i Bremanger

Frøysjøen er ein fjord i kommunane Bremanger og Kinn i Vestland. Dei yste delane av fjorden ligg òg i Flora kommune. Fjorden ligg på sørsida av øya Frøya, som han er kalla opp etter, og Bremangerlandet og strekkjer seg 35 km nordaustover.

Fjorden har innløp i havgapet mellom Frøyskjera i nord og øya Hovden i sør. Innanfor Frøyskjera ligg Frøya med tettstaden Kalvåg ligg på sørsida. Frå her går riksveg 616 over til øya Smørhamnsøy, der det får ferje frå Smørhamn og over fjorden til Kjelkenes i sidefjorden Midtgulen. Overfartstida tar om lag 40 minutt. Resten av fjorden går hovudsakleg på sørsida av Bremangerlandet. På sørsida av fjorden ligg sidefjorden Gulen med dei tre fjordarmane Nordgulen, Midtgulen og Sørgulen.

Ved Øgarden på Bremangerlandet går Berlepollen nordover på øya. Litt lenger inn i fjorden ligg Hennøya, som både er ei øy og ei grend på fastlandet, på sørsida. Søraust for Bremangerlandet går Vingepollen rett austover, medan Frøysjøen svingar nordover til austsida av Bremangerlandet. Her ligg grenda Lofnes på nordsida av fjorden. På nordsida av Bremangerlandet går Skatestraumen. Frå Lofnes går fjordarmen Botnepollen inn til botn av fjorden, der garden Botnen ligg.

Fjellet Hornelen på 860 meter over havet ligg heilt aust på Bremangerlandet og stupar rett ned i fjorden nedanfor.