Botoșani
Botoșani (/bo.to'ʃanʲ/) er ein by i Romania med om lag 90 000 innbyggjarar. Han er hovudstad i Botoșani fylke nord i Moldavia. I dag er byen mest kjend som fødestaden til fleire kjende rumenarar, som Mihai Eminescu og Nicolae Iorga.
Botoșani | |||
---|---|---|---|
Rådhuset i Botoșani | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Botoșani | ||
Borgarmeister | Cosmin-Ionuț Andrei | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
40,7 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik - Storbyområde |
90 010 2 211,5 /km² 130 552 | ||
Koordinatar | 47°44′55″N 26°40′10″E / 47.74861°N 26.66944°E | ||
Høgd over havet | 170 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 710xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 32 | ||
Bilnummer | SM | ||
Nettstad: www.primariabt.ro |
Historie
endreBotoșani vart først nemnd i skriftlege kjelder 28. november 1493 då tatarar invaderte og øydela byen. Byen var først ein kjøpstad og låg i eit område som fleire handelsvegar kryssa. På 1500-talet hadde han den største og eldste marknaden i Moldavia.
Store samfunn med jødiske og armenske handelsmenn var i byen på byrjinga av 1600-talet.
Mihai Eminescu, ein stor rumensk diktar, var fødd i Botoșani og det same var den kjende rumenske historikaren Nicolae Iorga.
Busetnader
endreBotoșani er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Botoșani | 106 847 | 90 010 |
Storbyområde
endreStorbyområdet til Botoșani omfattar Botoșani og åtte andre kommunar, med eit samla folketal på 130 552.[3][4]
Kommune | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|
Botoșani | municipiu | 90 010 |
Bucecea | oraș | 4 171 |
Vlădeni | comună | 4 561 |
Mihai Eminescu | comună | 8 638 |
Roma | comună | 3 513 |
Răchiți | comună | 5 212 |
Stăuceni | comună | 3 873 |
Bălușeni | comună | 4 441 |
Curtești | comună | 6 133 |
Total | 130 552 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Botoșani» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2008.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Botoșani» frå Wikipedia på rumensk, den 16. oktober 2022.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 16. oktober 2022.
- ↑ «Membri (Medlemmer)». Zona Metropolitană Botoșani. 2022. Henta 22. september 2023.
- ↑ «Noi clarificări de la autorități despre cele 22 de zone metropolitane din România (Nye avklaringar frå styresmaktene om dei 22 storbyområda i Romania)». Libertatea. 22. mai 2020. Henta 27. oktober 2022.